Peter Motzfeldt
Peter Motzfeldt | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 3. august 1777 Orkdal kommune |
Død | |
Yrke | statsmann, politikar |
Språk | norsk |
Medlem av | Artillerie-Corpset, Herreklubben Quodlibet |
Peter Motzfeldt på Commons |
Peter Motzfeldt (3. august 1777–1. april 1854) var utsending til riksforsamlinga på Eidsvoll, og stortingsmann same året. Frå 1815 til 1837 var han statsråd.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Motzfeldt var fødd i Orkdal, faren var offiser i infanteriet. Faren døydde då Peter var seks år gammal, og guten vart sidan fostra hos ein onkel som også var offiser. I 1792 kom han inn ved artilleriakademiet i København og vart sekondløytnant i artilleriet med stasjon i Fredrikstad i 1796. Derifrå vart han i 1802 send som premierløytnant til kolonien St. Thomas i Vestindia, rykte opp til kaptein året etter. England erobra kolonien i 1807 og dei militære på St. Thomas vart ført i krigsfangenskap til Reading. Motzfeldt vart utveksla og kom tilbake til Noreg i april 1809. Han vart så sjef for ein artilleristyrke i Bergen, seinare visekommandant på Bergenhus festning.
I 1814 vart Motzfeldt vald til utsending til riksforsamlinga frå Bergen by og frå artillerikorpset, han møtte som representant for artillerikorpset. Han budde då i Øvregaten 39.[1] Han var mellom dei leiande i forsamlinga og viste seg som ein ivrig tilhengar av Kristian Fredrik og motstandar av unionen med Sverige. Som medlem av konstitusjonskomiteen tok han aktivt del i forhandlingane om grunnlovsteksta. Han var elles ein av dei talarane i forsamlinga som det vart lytta til. Då det vart valt konge 17. mai og grunnlova vart vedteken var han visepresident i forsamlinga.
Motzfeldt møtte som 2. representant for Bergen ved det overordentlege storting i oktober-november 1814. Han var då president i Lagtinget og mellom anna formann i undersøkingskomiteen. Dei fire representantane frå Bergen stemte på tinget imot unionen med Sverige, men Motzfeldt vart likevel medlem av komitéen som skulle forhandle med dei svenske kongelege kommissærane.
Etter kongevalet av Carl XIII vart Motzfeldt utnemnd til statsråd den 18. november. Han var fyrst medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm, saman med Christian Krohg, frå desember 1814.
Då det fyrste ordentlege storting vart samla til sesjon i Christiania 1. juli 1815, gjekk han ut av statsrådsavdelinga og vende tilbake til Noreg. Truleg hadde Karl Johan håp om at han skulle påverke stemninga til fordel for forslaget til riksakt.
Grunna sjukdom reiste Motzfeldt til Bergen. Fyrst 4. mai 1816 tok han sete i den norske regjeringa og vart sjef for Armédepartementet. Her måtte han ta fatt med arbeidet til ei lov som skulle redusere storleiken på hæren. 1818-19 var han atter medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm, der han seinare gjorde teneste fire gongar til. I 1822 overtok han det nye Revisjonsdepartementet. I 1825, under eit av sine opphald ved statsrådavdelinga i Stockholm, var han medlem av komiteen som førebudde Mellomrikslova av 1827.
Tilhøvet til kongen vart etter kvart prega av misnøye, noko som toppa seg då sonen hans, Ulrik Motzfeldt, vart vraka i samband med ei utnemning ved universitetet. 27. mai 1837 tok Motzfeldt avskjed frå statsråd.
1839-41 var Motzfeldt formann i den norske avdelinga av unionskomiteen.
Han døydde i Kristiania, og vart gravlagd på Vår Frelsers gravlund.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ De kom fra alle kanter. Cappelen Damm. 2014. ISBN 9788202445645.
- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Denne artikkelen bygger på «Peter Motzfeldt» frå Wikipedia på bokmål, den 25. april 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Biografisk informasjon om Peter Motzfeldt NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Publikasjonar av Peter Motzfeldt i BIBSYS
- Einskildmenn
- Fødde i 1777
- Døde i 1854
- Norske forsvarsministrar
- Norske revisjonsministrar
- Norske statsrådar 1814-1884
- Medlemmar av Statsrådavdelinga i Stockholm
- Eidsvollmenn
- Stortingsrepresentantar 1814
- Stortingsrepresentantar for Bergen
- Serafimerordenen
- Norske offiserar
- Folk frå Orkdal
- Gravlagde på Vår Frelsers gravlund