Hans Hein Nysom
Utsjånad
Hans Hein Nysom | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. februar 1767 |
Død |
29. januar 1831 (63 år) |
Yrke | prest, politikar |
Språk | norsk |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Hans Hein Nysom på Commons |
Hans Hein Nysom (4. februar 1767–29. januar 1831) var ein norsk prest og eidsvollsmann frå Drammen. Nysom var fødd på Bragernes i Drammen, der far hans var kjøpmann. Han vart personalkapellan til Eiker i 1788, og residerande kapellan til Våle i Vestfold i 1800. År 1802 vart han sokneprest i Botne i Vestfold, eit embete han hadde til han i 1831 døydde på prestegarden der.
Nysom var i 1814 utsending frå Holmestrand til riksforsamlinga på Eidsvoll. På Eidsvoll slutta han seg til sjølvstendepartiet.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Hans Hein Nysom (1767-1831)». Eidsvoll 1814. Henta 20. november 2015.
- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Hans Hein Nysom NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv