Niels Treschow
Niels Treschow | |||
| |||
Fødd | 5. september 1751 Drammen kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 22. september 1833 Christiania | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | filosofi | ||
Yrke | professor, filosof, politikar, psykolog | ||
Institusjonar | Københavns Universitet Universitetet i Oslo | ||
Medlem | Kungliga Vetenskapsakademien Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab |
Niels Treschow (5. september 1751–22. september 1833)[1] var ein norsk politikar og filosof som deltok ved stormannsmøtet på Eidsvoll.
Han vart privat dimittert til Universitetet i København i 1766 og fekk magistergraden i filosofi i 1774, etter å ha orientert seg i fleire naturvitskaplege og humanistiske disiplinar. Treschow var konrektor (viserektor) ved Throndhjems lærde Skole 1774–1780, rektor i Helsingør 1780–1789 og ved Christianias Latinskole 1789–1803.[2] I 1803 vart han professor og arbeidde som filosofiprofessor i København. I 1813 vart han filosofiprofessor ved Universitetet i Christiania.
Treschow deltok ved stormannsmøtet på Eidsvoll 16. februar 1814.[1] Han var medlem av den midlertidige komiteen som leia kyrkje- og undervisningsvesenet våren 1814, og møtte på det det overordna storting hausten 1814. Same år blei han utnemnd til statsråd og han leia Kyrkjedepartementet i fire periodar 1814–1816, 1817–1819, 1820–1822 og 1823–1825. Han var òg statsråd ved Statsrådsavdelinga i Stockholm.[3]
Utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]Treschow var medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab, av Kungliga Vetenskapsakademien og Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab. Han fekk kommandørkors av Nordstjerneordenen, riddarkors av Dannebrogordenen, var riddar av Karl XIIIs orden og innehavar av medaljen for borgardåd.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 Niels Treschow i Norsk biografisk leksikon
- ↑ Moe, Bernt (1845). «Treschow (Niels)». Biographiske Efterretninger om Eidsvolds-Repræsentanter og Storthingsmænd i Tidsrummet 1814-1845. Chr. Schibsted. Henta 25. februar 2010.
- ↑ Biografisk informasjon om Niels Treschow NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- «Niels Treschow» på SNL.no.
- Einskildmenn
- Fødde i 1751
- Døde i 1833
- Stormannsmøtet på Eidsvoll
- Stortingsrepresentantar 1814
- Stortingsrepresentantar for Oslo
- Norske statsrådar 1814-1884
- Medlemmar av Statsrådavdelinga i Stockholm
- Norske filosofiprofessorar
- Norske frimurarar
- Professorar ved Universitetet i Oslo
- Nordstjerneordenen
- Dannebrogordenen
- Medaljen for borgardåd
- Karl XIIIs orden
- Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
- Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet
- Medlemmar av Det kongelege danske vitskapsakademiet
- Folk frå Drammen