Gregers Wulfsberg
Gregers Wulfsberg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 26. oktober 1780 Tønsberg |
Død |
23. september 1846 (65 år) |
Yrke | jurist, politikar |
Språk | norsk |
Far | Jacob Wulfsberg |
Gregers Wulfsberg på Commons |
Gregers Winther Wulfsberg (26. oktober 1780–23. september 1846) var ein norsk embetsmann, eidsvollsmann og stortingsmann.[1]
Wulfsberg var fødd i Tønsberg, som son av ein byfut. Sjølv vart han student i 1801, og cand. jur. i 1804. 1805-07 var han tilsett i det danske kanselliet i København, frå 1807 var han auditør ved sønnafjelske infanteriregiment. Han vart i 1811 byfyut og byskrivar i Moss, i tillegg vart han i 1822 konstituert i Moss sorenskriveri. År 1831 vart han amtmann i Smaalenene, eit embete han hadde til han døydde.
I 1814 var Wulfsberg utsending frå Moss til riksforsamlinga på Eidsvoll. Seinare var han stortingsmann i 1824, 1827 og på overordentleg storting 1828. Han var òg suppleant til Stortinget i 1814, 1830, 1833, 1836 og 1839.[1] I 1824 var han formann i redaksjonskomiteen og medlem av bankkomiteen. Både i 1824 og 1827 var han sekretær i komiteen om kjøpstadskatten. I 1828 var han atter formann i redaksjonskomiteen.
Wulfsberg døydde i Moss i 1846.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. B. 1 D. 2 : Biografier L-Ø samt tillæg, side 964-965, digital utgåve
- Biografisk informasjon om Gregers Wulfsberg NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv