Tsjernobylulukka
Tsjernobylulukka var ein katastrofisk feil ved reaktor nummer fire i kjernekraftverket i Tsjernobyl som fann stad 25.-26. april 1986. Kjernekraftverket låg ved den no fråflytta byen Pripjat nord i Ukraina, den dåverande ukrainske sovjetrepublikken, i det som no er Ukraina, om lag 104 km nord for Kiev.[1]
Eksplosjonen var så valdsam at det 500 tonn tunge reaktorlokket blei blåst opp i lufta. Opp mot 50 menneske døydde som direkte følgje av eksplosjonen og av akutte stråleskader i vekene etter ulukken. Det siste dødsfallet blei registrert i 2004.[2]
Ulukka medførte at radioaktivt cesium vart spreidd over den nordlege halvkula. Store mengder støv som inneheldt radioaktivt jod og cesium blei slept ut i atmosfæren og spreide seg over store område. Mengda var 400 gonger større enn utsleppet i samband med atombombene i Hiroshima og Nagasaki i 1945 under andre en.[3] Rundt fem millionar menneske i Kviterussland, Ukraina og Russland lever i dag i område med betydeleg nedfall etter ulkka.[4] Mykje av dei nordlege områda av oblastet er radioaktivt forureina og eit sperreområde, Tsjernobylsona, dekkjer eit stort område kring kraftverket. Av landa utanfor Sovjetunionen, var Noreg eit av dei landa som fekk størst nedfall av radioaktivt cesium. Dette førte til at det varte gjennomført nedforing av sau før dyra vart slakta.
Det totale talet på dødsfall som følgje av ulukka er rekna til opp mot 4 000 menneske.[5] Opphavleg gjekk ein ut frå at fleire titusen ville døy av seinverknadar.[2] Talet inkluderer dødsfall 20 år eller meir etter ulukka.[6][7]
I dag er den nedsmelta Tsjernobyl-reaktoren dekt av ein stor betongsarkofag. Alle reaktorar av same type er i dag modifiserte og skal vere mykje meir stabile. Ti av dei var framleis i bruk i straumnettet i 2019.[8][9]
Hendingsforløp
[endre | endre wikiteksten]Leiinga ved atomkraftverket ville finna ut korleis ein kunne dra nytte av tregleiken i turbinane til å generera energi etter at reaktorane var stengde av. Difor sette dei dei automatiske naudstopp-mekanismane mellombels ut av drift.
Nedkøyringa av reaktoren hadde starta like etter midnatt 25. april 1986. Eit døgn seinare var det klart for å starte eksperimentet. Føresetnadene for eksperimentet var ikkje heilt på plass, mellom anna hadde operatøren vore nøydd til å fjerne kontrollstavar frå reaktoren for å nå ønskt effekt. Etter instruksen skulle det vere minst 30 kontrollstavar i reaktoren, 15 kontrollstavar var spesifisert som eit absolutt minimum. Sidan effekten hadde falle heilt ned mot 30 Mw(th) (Megawatt termisk), fjerna operatøren kontrollstavar for å få opp effekten. Han lukkast med å stabilisere effekten på 200 Mw(th), men då var det berre 6 eller 8 kontrollstavar attende.
- Kl. 01.23,04 26. april, lokal tid, starta operatøren eksperimentet ved å stengje naudreguleringsventilane.
- Kl. 01.23,40 såg operatøren at effekten auka tiltakande, og han trykte inn reaktorstoppknappen.
- Sidan talet på kontrollstavar var så lågt, greidde han ikkje stanse effektauken. Reaktoren byrja riste, operatøren greidde ikkje køyre inn kontrollstavane, og reaktoren kom heilt ut av kontroll.
- På ti sekund steig effekten til 300 000 Mw(th). Den kolossale effektauken resulterte i ein dampeksplosjon som øydela reaktoren, og løfta den tusen tonn tunge betongskjermen over reaktoren.
- No låg reaktoren open, han vart fylt med luft, og 3 sekund seinare kom det ein ny, endå kraftigare eksplosjon. Etter eksplosjonen stod flammane 30 meter til vêrs over den øydelagde reaktoren.
To menneske omkom i eksplosjonen.
Sovjetiske styresmakter meldte ikkje om ulukka før ein i Sverige kunne registrera forhøga stråleverdiar i nærleiken av eitt av sine kjernekraftverk. Dette førte til at Noregs geologiske undersøking gjennomførte ei omfattande kartlegging av nedfallet på norsk territorium, då det viste seg at dei ufarlege verdiane Statens strålevern hadde registrert var feilaktige.[10]
Redningsarbeidet
[endre | endre wikiteksten]Straks etter eksplosjonen starta redningsarbeidet for å stoppe spreiinga av fisjonsprodukt og for å kjøle ned reaktorkjernen. I arbeidet bruka dei helikopter og dekte reaktoren med meir enn 4 000 tonn sand, bly, leire og borsaltar.
- 27. april starta arbeidet med å evakuere 25 000 menneske som budde innanfor ein radius av ti kilometer rundt reaktoren.
- 2. mai evakuerte dei ytterlegare 135 000 menneske, innanfor ein radius av 30 kilometer frå reaktoren.
Det offisielle talet på døde etter ulykka er 31 menneske, medan D. Marples set talet på døde fram til 1990 til minst 5000.[11] I ein rapport utarbeidd av Greenpeace i 2006 vert talet på dei som har døydd av kreft i Kviterussland, Russland og Ukraina i perioden 1990 til 2004 sett til 93.000 og det totale talet på døde til rundt 200 000[12]
- Det strøymde ut radioaktivitet heilt til 5. mai.
- 13. mai var utsleppa nede på eit minimum.
Tsjernobylulukka i Noreg
[endre | endre wikiteksten]28. april varsla svenske Statens strålskyddsinspektion om at dei hadde målt unormale strålenivå i Sverige, og at dei frykta at det hadde vore ei alvorleg reaktorulukke i Sovjetunionen. På ettermiddagen målte dei høgare stråling enn normalt over Kjeller i Akershus. På kvelden 28. april innrømte sovjetiske styresmakter at det hadde vore eit uhell ved Tsjernobylkraftverket, og 30. april sende telegrambyrået Tass ut pressemelding med detaljar om ulykka.
I dagane som følgde fall det ned store mengder radioaktivt nedfall over Noreg. Rundt 10. mai kom det ei ny bølgje med nedfall. Det største nedfallet kom aust for Langfjella i Oppland, i indre Nord-Trøndelag, på indre Helgeland og på kysten av Sør-Helgeland[treng kjelde].
Det vart identifisert nedfall av radioaktivt zirkonium, niob, molybden, ruthenium, jod, tellur, cesium, barium, lantan, cerium og neptonium[treng kjelde]. Av desse er det bare tre isotopar som opptrer i så store mengder at det representer ei potensiell strålefare. Dei er Iod-131 med ei halveringstid på åtte døgn, cesium-134 ei halveringstid på ni månader og cesium-137 ei halveringstid på 30 år[treng kjelde]. Sidan både I-131 os Cs-134 har relativt korte halveringstider vil dei vere dødd ut i løpet av kort tid. Det er derfor bare Cs-137 som i praksis gir bidrag til den totale stråledosen eit menneske får.
Noko av det radioaktive nedfallet kan ha blitt vaska ut, men mykje bind seg til jordsmonnet og vert teke opp av vegetasjonen, for sidan å bli tatt opp av planteetarar. Mange av plantane vert brotne ned av sopp. Når dyra sidan et sopp, kan dei få i seg høge doser radioaktivitet. Den første tida vart det òg målt høge stråleverdiar i innlandsfisk[treng kjelde].
Tsjernobylulukka fekk store konsekvensar for Noreg sidan områda med størst nedfall er viktige som beiteområde for sau, geit og rein. Det fekk dermed konsekvensar både for sauehald på fjellbeite og for tamreindrift. Det vart derfor iverksett nedfôringstiltak og innført øvre grenser for radioaktivitet i slaktedyr.
I 1989 vart saltslikkesteinar tilsett berlinarblått, som bind cesium, tekne i bruk i beiteområda. Dette førte til at talet på sauer som måtte nedfôrast vart redusert frå 360 000 i 1988 til 109 000 i 1989[treng kjelde].
Så seint som i 2006 var det naudsynt med nedfôring i 37 kommunar i Hedmark, Oppland, Buskerud, Sogn og Fjordane, Nord-Trøndelag og Nordland. Mykje sopp i beiteområda i august og september, gjorde at det vart målt høge konsentrasjonar radioaktivt cesium i sau. Grenseverdien for radioaktivt cesium i sauekjøtt er 600 Bq (Becquerel) per kilogram. Det høgste innhaldet av cesium-137 som vart målt i sau hausten 2006 var 7000 Bq/kg[treng kjelde].
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Skilt som varslar om strålefare utanfor ein tidlegare kafé i byen Pripjat.Foto: Diana Markosian, 2011.
-
Sjekkpunkt for Tsjernobyl eksklusjonssone.
-
Den såkalla «raude skogen», som er eit 10 km² stort område med daud og svært radioaktiv skog innanfor eksklusjonssona.
-
Ein sterkt deformert grisunge utstilt ved det nasjonale Tsjernobyl-museet i Ukraina som blei etablert i Kyiv i 1992.Foto: Vincent de Groot.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Nuclear Exclusion Zones». Encyclopedia Britannica (på engelsk). Henta 15 January 2018.
- ↑ 2,0 2,1 «Forskere nedjusterer Tsjernobyl-dødsfall». tidsskriftet.no (på norsk bokmål). 5. august 2016. Henta 16. desember 2021.
- ↑ «Ten years after Chernobyl: What do we really know?» (PDF). IAEA. April 1996. s. 8. Henta 4. juni 2019.
- ↑ «WHO | Chernobyl: the true scale of the accident». www.who.int. WHO. 5. september 2005. Henta 6. juli 2018.
- ↑ United Nations Scientific Committee on the Effects of Atomic Radiation (april 2011). «Health effects due to radiation from the Chernobyl accident» (PDF). United Nations.
- ↑ «WHO | Chernobyl: the true scale of the accident». www.who.int. WHO. 5. september 2005. Henta 6. juli 2018.
- ↑ Groskop, Viv (20. mai 2018). «Chernobyl: History of a Tragedy by Serhii Plokhy review – death of the Soviet dream». the Guardian (på engelsk). Henta 6. juli 2018.
- ↑ «RBMK Reactors». World Nuclear Association. June 2016. Henta 8. november 2018.
- ↑ «RMBK Nuclear Power Plants: Generic Safety Issues» (PDF). International Atomic Energy Agency. May 1996. Henta 8. november 2018.
- ↑ Hernes, Gudmund (11. mai 1986). «NOU 1986:24 Tiltak mot kjernekraftulykker. Delutredning 1: Erfaringene etter kjernekraftulykken i Tsjernobyl. Regjeringen» (PDF) (på norsk). Regjeringen. Arkivert frå originalen (PDF) 23. juli 2012. Henta 23. juli 2012.
- ↑ Marples, D., The decade of despair, The Bulletin of Atomic Scientistc, mai/juni 1996, ss. 22-31.
- ↑ The Chernobyl catastrophe consequences on human healt, Greenpease, 2006.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- NOU 1987:1 Tsjernobyl-ulykken
- Miljøstatus Norge - Utmarksbeitende dyr Arkivert 2006-11-16 ved Wayback Machine.