1986
Utsjånad
1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
1986 (romartal MCMLXXXVI) var eit normalår som byrja på ein onsdag etter den gregorianske kalenderen.
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]Utlandet
[endre | endre wikiteksten]- 28. januar: Den amerikanske romferja Challenger eksploderte like etter oppskyting. Alle dei sju ombord omkom.
- 26. april: Tsjernobylulukka. Reaktoren i atomkraftverket i Tsjernobyl (i dag i Ukraina) eksploderte, og spreidde radioaktivitet over heile verda.
- 19. oktober: Presidenten i Mosambik, Samora Machel, og 24 andre omkom då presidentflyet styrta ved Mbuenzi i Sør-Afrika.
- Merkeordninga Max Havelaar, for rettferdig handel, vart oppretta i samband med Solidaridad i Nederland.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]- 2. januar: Bergen fekk den første bomringen i Europa.
- 28. februar: Storbrann i Fredrikstad.
- 5. mars: Vassdalen-ulukka. 16 vernepliktige ingeniørsoldatar døydde i eit snøskred i Vassdalen.
- 14. mars: Garnbåten «Thaigutt» blei treft av ein brottsjø utanfor Værøy i Lofoten. Alle 3 om bord blei feia på sjøen og forsvann.
- 6. april: Reketrålaren «Mehamnfisk» kantra i Barentshavet, fire døydde.
- 7. april: 102 000 arbeidarar blei ramma av lockout, den største sidan 1931.
- 20. april: Willoch-koalisjonen gjekk av etter å ha stil kabinettspørsmål på forslag om å auke bensinavgifta.
- 11. mai: Krona blei devaluert med 12 prosent.
- 9. juni: Tvungen lønnsnemd i offentleg sektor.
- 19. august: Ein eksplosjon i maskinen til reketrålaren «Hasvikværing» ved Bjørnøya drap éin.
- 25. august: Opninga av Statpipe.
- 5. september: Brann i Hotell Caledonien i Kristiansand der 14 døydde.
- 12. november: Riksadvokaten opna etterforsking etter meldingar om omfattande politivald i Bergen.
- 13. november: Bybrann i Stavanger
- 28. november: Opninga av Reisa nasjonalpark
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Fødde i 1986.
- 6. januar: Petter Northug, norsk skiløpar
- 19. februar: Maria Mena, norsk artist
- 11. mars: Dario Cologna, sveitsisk langrennar
- 19. mars: Susanne Sundfør, norsk artist
- 28. mars: Lady Gaga, artist frå USA
- 23. april: Sven Kramer, nederlandsk skøyteløpar
- 13. mai: Alexander Rybak, norsk Eurovision-vinnar
- 3. august: Darja Domratsjeva, kviterussisk skiskyttar
- 19. august: Vilde Frang, norsk fiolinist
- 21. august: Usain Bolt, jamaicansk sprintar
- 1. september: Stella Mwangi, norsk songar
- 12. september: Emmy Rossum, skodespelar frå USA
- 30. oktober: Thomas Morgenstern, austerriksk skihoppar
Døde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Døde i 1986.
- 17. januar: Halldor O. Opedal, norsk kulturgranskar
- 1. februar: Alva Myrdal, svensk politikar og nobelprisvinnar
- 28. februar: Olof Palme, statsminister i Sverige (drepen)
- 14. april: Simone de Beauvoir, fransk feminist og filosof
- 14. juni: Jorge Luis Borges, argentinsk forfattar
- 31. august: Urho Kekkonen, finsk president
- 9. oktober: Arild Brinchmann, norsk teatersjef
- 19. oktober: Samora Machel, president i Mosambik
- 31. oktober: Alfred Hauge, norsk forfattar
- 8. november: Vjatsjeslav Molotov, sovjetisk politikar
- 23. november: Olaf Hoffsbakken, norsk skirennar
- 21. desember: Helge Sivertsen, norsk friidrettsutøvar og politikar
- 29. desember: Harold Macmillan, britisk statsminister
<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>