1973
Utsjånad
1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
1973 (romartal MCMLXXIII) var eit normalår som byrja på ein måndag i den gregorianske kalenderen.
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]Utlandet
[endre | endre wikiteksten]- Svoltkatastrofe i Etiopia.
- 1. januar: Danmark, Storbritannia og Irland vart medlemer av EF, som dermed hadde ni medlemsland.
- 15. januar: Vietnamkrigen: Presidenten i USA, Richard Nixon gav ordre om at den offensive krigføringa i Nord-Vietnam skulle stogge.
- 23. januar: Vulkanen Helgafell braut ut og sende lava mot Vestmannaeyjar.
- 28. februar: Kring 200 indianarar okkuperte Wounded Knee i Sør-Dakota i USA, i protest mot undertrykking av den indianske minoriteten.
- 4. april: World Trade Center i New York by vart opna.
- 6. mai: Fredsavtale vart inngått mellom indiandarane i Wounded Knee og styresmaktene i USA.
- 14. mai: Den USA-amerikanske romstasjonen Skylab I vart skoten opp frå Cape Kennedy.
- 19. mai: Torskekrigen: Storbritannias marine fekk ordre om å verne britiske fiskefartøy som fiska innanfor den islandske 50-milsgrensa.
- 20. mai: Torskekrigen: Island stengde Keflavik flyplass for britiske militærfly
- 10. juli: Bahamas vart uavhengig frå Storbritannia
- 23. august: Ein bankranar forskansa seg i ein bank ved Norrmalmstorg i Stockholm og heldt gislar fanga i fem døgn. Hendinga gav namn til stockholmsyndromet.
- 11. september: Militærkupp i Chile. Med støtte frå CIA tok general Augusto Pinochet sine styrkar livet av president Salvador Allende og innførte eit brutalt militærdiktatur.
- 15. september: Karl XVI Gustav av Sverige vart konge av Sverige.
- 2. oktober: Torskekrigen; Storbritannia trekte marinen ut av den islandske fiskerisona etter trugsmål om brot på diplomatisk samband mellom dei to statane.
- 6. oktober: Jom kippúrkrigen: Egypt og Syria gjekk til åtak på Israel
- 24. oktober: Jom kippúrkrigen: Våpenkvile mellom Israel og Egypt etter at israelske styrkar hadde kome fram til Suezkanalen
- 4. november: Oljekrisa i 1973: OPEC-landa vedtok oljeboikott og prisauke som straffereaksjon mot land som støtta Israel i Jom kippúrkrigen
- 20. desember: Statministeren i Spania, Luis Carrero Blanco, vart drepen i Madrid av ETA-folk
Noreg
[endre | endre wikiteksten]- 22. mars : Det norske lasteskipet «Anita» forsvann utanfor den USA-amerikanske austkysten i ein storm på tur mellom Newport News og Europa med kol. Alle 32 ombord omkom.
- Det norske lasteskipet «Norse Variant» forliste nordaust for Cape May i New Jersey. 29 personar omkom, matrosen Stein Gulbrandsen vart berga etter tre døgn på ein flåte.
- 8. april: Anders Langes Parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep vart skipa på Saga kino i Oslo. I dag heiter partiet Framstegspartiet.
- 21. juli: Lillehammersaka. Den marokkanske kelneren Ahmed Bouchiki vart myrda på Lillehammer av folk frå israelske Mossad.
- 16. oktober: Trygve Bratteli vart statsminister på ny, då Den første sentrumsregjeringa i Noreg gjekk av etter Stortingsvalet.
- AKP(m-l) vart tufta.
- Raud Valallianse var tufta som eit valsamarbeid mellom AKP(m-l) og uavhengige sosialistar.
- Sosialistisk Valforbund (No: Sosialistisk Venstreparti) vart tufta av utbrytarar frå Arbeidarpartiet, uavhengige sosialistar, Sosialistisk Folkeparti og Norges Kommunistiske Parti.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Fødde i 1973.
- 19. januar: Ann Kristin Aarønes, norsk fotballspelar
- 10. februar: Gunn-Rita Dahle Flesjå, norsk syklist
- 11. februar: Varg Vikernes, norsk musikar og pyroman
- 26. februar: Ole Gunnar Solskjær, norsk fotballspelar
- 25. mars: Michaela Dorfmeister, austerriksk alpinist
- 28. mai: Aslak Sira Myhre, norsk politikar og byråkrat
- 15. juni: Tore André Flo, norsk fotballspelar
- 20. juli: Kronprins Haakon, norsk tronarving
- 19. august: Kronprinsesse Mette-Marit
- 3. september: Eli Sol Vallersnes, norsk forfattar
- 9. september: Frode Andresen, norsk idrettsmann
- 26. september: Maria Bonnevie, norsk–svensk skodespelar
- 28. desember: Herborg Kråkevik, norsk skodespelar
Døde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Døde i 1973.
- 22. januar: Lyndon B. Johnson, USA-amerikansk president
- 24. januar: Ivar Asbjørn Følling, lækjar som oppdaga sjukdommen fenylketonuri
- 31. januar: Ragnar Frisch, norsk økonom
- 8. april: Pablo Picasso, spansk biletkunstnar
- 1. mai: Asger Jorn, dansk biletkunstnar
- 11. juni: Claes Gill, norsk skodespelar og lyrikar
- 6. august: Fulgencio Batista, kubansk eks-diktator
- 2. september: J.R.R. Tolkien, britisk forfattar
- 11. september: Salvador Allende, president i Chile
- 15. september: Gustav VI Adolf, konge av Sverige
- 17. oktober: Ingeborg Bachmann, austerriksk forfattar
- 28. oktober: Mikkjel Fønhus, norsk forfattar
<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>