Zine El Abidine Ben Ali
Zine El Abidine Ben Ali
زين العابدين بن علي | |||
| |||
Fødd | 3. september 1936 Hammam Sousse | ||
---|---|---|---|
Død | 19. september 2019 (83 år) | ||
Statsborgar av | fransk protektorat av Tunisia, Tunisia | ||
Parti | partilaus (2011) | ||
Yrke | politikar, diplomat | ||
Utdanna ved | École spéciale militaire de Saint-Cyr | ||
Ektefelle | Leila Trabesi, Naïma Ben Ali | ||
Barn | Nesrine Ben Ali | ||
Verv | President i Tunisia 1987-2011 | ||
Føregangar | Habib Bourguiba | ||
Etterfylgjar | Fouad Mebazaa | ||
Alle verv |
Zine El Abidine Ben Ali (3. september 1936–19. september 2019) var ein tunisisk general og politikar. Ben Ali var president i Tunisia frå 7. november 1987, då han tok makta ved eit statskupp, til 14. januar 2011, då han måtte gå av etter omfattande demonstrasjonar i landet. Ben Ali leia regjeringspartiet Konstitusjonell demokratisk samling,[1] som lenge var det einaste lovlege partiet i Tunisia.
Liv
[endre | endre wikiteksten]Zine El Abidine Ben Ali var fødd i Hammam Sousse, ein kystby nordaust i Tunisia. Han gjorde militær og diplomatisk karriere før han vart med i regjeringa i 1978. Frå 1984 var han innanriksminister, og ansvarleg for kampen mot politisk opposisjon i eittpartistaten, inkludert islamske fundamentalistar. 1. oktober 1987 vart han statsminister, og dermed etterfylgjaren til presidenten. I november same året fekk han den 84 år gamle presidenten, Habib Bourguiba, erklært senil, og avsette han i eit ublodig kupp.
Politikken til Ben Ali har vore vestleg orientert. Han har tillatt andre politiske parti, og val, men vala har ikkje vorte rekna som frie og rettferdige av utanlandske observatørar. Særskilt er islamistane utestengde frå vala. I 1999 vart det for første gong heldt presidentval med motkandidatar til Ben Ali. Han vann offisielt dette valet med 99,7 % av røystene. 24. oktober 2004 vart han gjenvald, denne gongen med 94,5 % av røystene, i fylgje dei offisielle resultata.
I fylgje menneskerettsgrupper, som Amnesty International, var ytrings- og forsamlingsfridomen i Tunisia under Ben Ali alvorleg avgrensa. Det vart rapportert om tortur, og hundrevis av politisk fangar hadde site fengsla i mange år.
Ben Ali vart tvinga til å gå av 14. januar 2011, etter omfattande demonstrasjonar mot han i nesten ein månad. Han reiste i eksil til Saudi-Arabia.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Rassemblement Constitutionel Démocratique/التجمع الدستوري الديمقراطي