Zodiakallys
Zodiakalyset er ei svak, nesten trekanta lyskjegle på nattehimmelen som dukkar opp nær sola langs ekliptikken eller zodiakalen (Dyrekrinsen). På midtre og nordlege breiddegrader, er zodikallyset best synleg på vesthimmelen om våren etter at skumringa er over, eller på austhimmelen om hausten like før daggry. I tropane er zodiakallyset synleg året rundt.
Lyset kjem av sollys reflektert av interplanetarisk støv i ekliptikkplanet eller zodiaken. Zodiakallyset er så svakt at det vert heilt tilslørt av månelys eller lysforureining. Zodiakallyset minkar i intensitet med avstanden frå sola, men på særs mørke netter er det blitt observert i eit band langs heile ekliptikken. Faktisk utgjer zodiakallyset 60 % av himmellyset på ein månelaus natt. Det finst òg eit særs svakt ovalt lys midt imot sola kalla gegenschein.
Fenomenet vart først utforska av astronomen Giovanni Domenico Cassini i 1683 og først forklart av Nicolas Fatio de Duillier i 1684.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Ei kort historie om observasjonar Arkivert 2004-07-19 ved Wayback Machine.
- «Zodiacal Light and the Gegenschein», eit essay av J. E. Littleton Arkivert 2006-02-26 ved Wayback Machine.
- APOD for 25. september 2007
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Zodiacal light» frå Wikipedia på engelsk, den 31. mai 2009.
Solsystemet |
---|
Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris |
planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen |
smålekamar: meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNO-ar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oortskya) |
Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, og temasida om solsystemet |