Vevelstad kommune
Vevelstad kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Adm.senter | Vevelstad | ||
Areal | 539 km² | ||
• land | 518 km² | ||
• vatn | 21 km² | ||
Folketal | 480 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Sivert Vevelstad (Ap) | ||
Kommunenr. | 1816 | ||
Vevelstad 65°40′06″N 12°31′07″E / 65.668333333333°N 12.518611111111°E | |||
Kart som viser Vevelstad kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Vevelstad | |||
Nettstad: www.vevelstad.kommune.no |
Vevelstad er ein kommune på Helgeland i Nordland fylke. Han grensar mot Alstahaug kommune i nord, Vefsn kommune i aust, Brønnøy kommune i sør og mot Vega kommune over havet i vest. Næringsvegane er hovudsakleg jordbruk, fiske, fiskeforedling og treforedling. Kystriksvegen går gjennom kommunen.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Kommunen er djupt gjennomskoren av Vistenfjorden, som er rekna for den reinaste i Noreg. Det meste av arealet i kommunen er fastland, men han har òg nokre øyar, med Hamnøya som den største. Den høgaste toppen i kommunen er Vistkjerringa på grensa mot Vefsn.[1] Rundt 50 % av kommunen er verna som Lomsdal/Visten Nasjonalpark.[2]
I 2023 hadde kommunen rundt 480 innbyggjarar. Den største busetnaden i kommunen er Vevelstad, som også huser kommunesenteret. Hamnøya i vest har rundt 20 fastbuande. Ved Vistenfjorden i nord er bygdene Stokkasjøen og Visthus, som har rundt 50 fastbuande. Heilt inne i Vistenfjorden bur det fastbuande både i Kilvågen, på Bønå og på Aursletta.[2]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Helleristninger i Vistnesdalen viser at det har budd folk i området sidan steinalderen.
Kultur
[endre | endre wikiteksten]Vevelstad var deltakar i Skulpturlandskap Nordland med skulpturen Opus for himmel og jord av Oddvar I.N. Daren.
Vevelstad Bygdetun er ein del av Helgeland Museum.
Kommunevåpen
[endre | endre wikiteksten]Kommunevåpenet til Vevelstad er blått med tre flytande omvende sparrar i sølv eller kvitt. Det blei utforma av Odd P. Olsen og vedtatt brukt av kommunestyret 6. mai 1992, med godkjenning frå statsrådet 13. november same året.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Høyeste fjelltopp i hver kommune». Kartverket. Henta 27. juni 2017.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «Fakta om kommunen - Hovedportal», www.vevelstad.kommune.no, henta 26. mars 2024