Helgeland Museum
Utsjånad
Helgeland Museum er ei samanslutning av 14 kommunale museum og bygdesamlingar på Helgeland. Samanslutninga gjer at alle musea kan nyta godt av fagkompetansen til dei som er tilknytte samanslutninga.
Tilknytte museum
[endre | endre wikiteksten]- Den gamle prestegarden ved Alstahaug kyrkje med Petter Dass-museet.
- Bindal Bygdetun der husmannsplassen Soltun er den viktigaste bygningen.
- I Brønnøy finn ein Velfjord Bygdemuseum og tørrfiskbrygga i Brønnøysund.
- Grane bygdetun med gamle bygg og fangstanlegg frå yngre jernalder på Tromoan.
- I Hattfjelldal finn ein Sijti Jarnge, kultursenter for sørsamar.
- I Hemnes finn ein bygdetunet Bjerka, eit eldhus på Jamtjord i Leirskardalen og fleire kulturminne på Hemnesberget.
- Herøy Bygdesamling med fleire gards- og hamnebygningar ligg like ved Herøy kyrkje frå 1100-talet.
- Grønsvik kystfort like nord for Stokkvågen i Lurøy kommune fortel historia om andre verdskrigen på Helgeland.
- Nesna bygdemuseum legg vekt på skolehistorie.
- Rana museum har ein eigen naturhistorisk avdeling og dessutan ein kulturhistorisk avdeling som dokumenterer kvardagslivet frå det tidlege 1900-talet. I Stenneset friluftsmuseum finn ein tjuefem bygningar frå tre hundreår.
- Sømna bygdetun fortel om bondeliv i området frå 1800 til 1950.
- Vefsn museum har fleire gamle bygg i Sjøgata i Mosjøen og på Dolstad like utanfor.
- På verdsarvøyane i Vega finn ein Steinalderløypa som viser byrjinga av busetjinga, Skjærvær som er eit restaurert fiskevær, É-huset som fortel om ærfuglhald, og Vega bygdemuseum på Gladstad som samanfattar den lokale historia.
- Vevelstad Bygdetun har 11 bygg og ligg like ved Vevelstad kyrkje frå 1796.