Urnes stavkyrkje
Urnes stavkyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Jarle Kvam | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Luster | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Indre Sogn | ||
Sokn | Solvorn | ||
Fellesråd | Luster | ||
Lengd | Skipet: 8,8 m x 6,7 m Koret: 6,3 m x 4,4 m/3,8 m Takhøgd i skipet: 10,7 m[1] m | ||
Areal | 0,21 m² | ||
Type | langkyrkje | ||
Teknikk | stavverk | ||
Material | tre | ||
Innvigd | på 1130-talet | ||
• Endringar | noko ombygd på 1600-talet | ||
Takryttar | over vestre enden av skipet | ||
Portal | frå siste halvdel av 1000-talet | ||
Skip | treskipa | ||
Kyrkjegard | ved kyrkja | ||
Altartavle | 1699 | ||
Diverse | Krossfestingsgruppe av tre frå 1100-talet. Den eldste stavkyrkja. På Unesco si verdsarvliste frå 1979. | ||
Urnes stavkyrkje 61°17′53″N 7°19′21″E / 61.298055555556°N 7.3225°E | |||
Wikimedia Commons: Urnes stavkirke |
UNESCO si liste over verdsarv | |||
Innskriven ved UNESCO sin 3. sesjon i 1979 som den 58. verdsarvstaden. | |||
Bakgrunnsstoff | UNESCO: Urnes stavkyrkje |
Urnes stavkyrkje er ei stavkyrkje på Ornes i Luster kommune i Vestland.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Kyrkja vart bygd kring 1100–1150 og er rekna for å vera den eldste stavkyrkja i Noreg som er teke vare på. Dateringa, basert på stilelement, peikar mot åra 1130-1160, og då Urnes stavkyrkje har ein enklare konstruksjon enn Høre stavkyrkje og Stedje stavkyrkje, kan dette tyde på at Urnes er eldre enn dei.[2] Kyrkja er ein lekk mellom den førkristne kunsten i vikingtida, med den typiske dyreornamentikken i såkalla urnesstil (namngjeve etter noko av dekoren på Urnes stavkyrkje), og den kristne stavkyrkjearkitekturen. På grunnlag av dei spora og leivningane som er funne i jorda under den noverande kyrkja under arkeologiske granskingar, meiner mange forskarar at det på same staden har vore to eller tre kyrkjer tidlegare, det vil seie på 1000-talet. Portalen i urnesstil på nordveggen i den noverande kyrkja kan vera frå ein slik tidlegare kyrkjebygning, for han har tidlegare stått i ein annan bygning. Det syner seg av at portalvangane er tilpassa veggen ved å ha vorte skorne av i toppen utan omsyn til treskurden på dei. Den eldste kyrkja på staden har truleg hatt nedgravde hjørnestolpar, veggstolpar og fire innvendige stolpar.[3]
Ei kyrkje på Ornes er første gong nemnt i 1323, då presten «sira Erlender a Ornesi» er nemnt i eit brev.[4]
Etter reformasjonen på 1500-talet blei korveggen mellom koret og skipet fjerna, og det vart opna lysgluggar. I 1607 vart veggene i koret måla. Ifølgje ein rapport frå 1665 var det då nyleg sett inn ein kvelv over alteret, men det draup likevel ned i koret og på preikestolen. I 1722 blei kyrkja skildra som «en gammel Stavekirke med Svale rundenom og et Taarn ovenpaa». Kyrkja hadde då altså framleis ein svalgang, som no er borte, unnateke på vestsida. Rundt 1850 vart kyrkja selt for 20 spesidalar. Fortidsminneforeningen kjøpte kyrkja i 1881. Dei fjerna det innlagde loftet, som ikkje var originalt, og lysgluggane frå etter reformasjonen.
Urnes stavkyrkje vart i 1979 teke med på UNESCO si verdsarvsliste.
Stavkyrkja er eigd av Fortidsminneforeningen. Ho vert nytta til kyrkjelege handlingar berre av og til.
Bilder
[endre | endre wikiteksten]-
Teikning av F.W. Schiertz til J.C. Dahl si stavkyrkjebok Dresden 1837
-
Urnes stavkyrkje
-
Biskop eller kanskje pilegrim på eit kapitel på toppen av ein av stavane
-
Kapitel med kentaur
-
Kapitel med planteornamentikk
-
Portalen som er opphavet til nemninga urnesstil.
-
Dette motivet er å sjå på portalen på nordveggen av Urnes stavkyrkje.
-
Bronsespenne i urnesstil frå vikingtida (1000-talet). Nationalmuseet, København.
-
Madonna frå Urnes i Bergen Museum
-
Krusifiksgruppe frå stavkyrkja, med Maria og Johannes som sidefigurar. Denne kalvariegruppa skriv seg frå 1100-talet i det opphavlege mellom-alderinventaret.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892)
- ↑ Anker, Peter (1997): Stavkirkene: deres egenart og historie. Cappelens kunstfaglige bibliotek. Oslo: Cappelen.
- ↑ Om tidlegare kyrkjer på staden, sjå: Krogh, Knud J. (2011): Urnesstilens kirke : forgængeren for den nuværende kirke på Urnes og Anker, Peter (1997): Stavkirkene: deres egenart og historie. Cappelens kunstfaglige bibliotek. Oslo: Cappelen.
- ↑ Primærkjelde i Diplomatarium Norvegicum VII, 98
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Christie, Håkon. 2009. Urnes stavkirke : den nåværende kirken på Urnes. Oslo: Pax Forlag/Riksantikvaren. ISBN 978-82-530-3245-0
- Krogh, Knud J., Urnesstilens kirke : forgængeren for den nuværende kirke på Urnes, i serien [Kirkene på Urnes] 2, Oslo 2011: Pax Forlag ISBN 978-82-530-3400-3
- Frøysaker, Tine, Den bemalte og forgylte kalvariegruppen fra 1100-tallet i Urnes stavkirke : konservering 2001-2003, i serien NIKU rapport – (hefte nr. 3) ISBN 82-8101-012-6
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Riksantikvaren - Urnes stavkirke
- Fortidsminneforeningen: Urnes stavkirke Arkivert 2016-09-20 ved Wayback Machine.
- Undervisning NRK
- stavechurch.com Urnes stavkyrkje
- Urnes stavkyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Urnes stavkyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.