Peter Christian Frølich
Peter Christian Frølich | |||
| |||
Fødd | 17. september 1987 (37 år) Bergen | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, jurist, advokat | ||
Utdanna ved | Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen | ||
Far | Peter Frølich | ||
Alle verv |
|
Peter Christian Frølich (fødd 17. september 1987 i Bergen) er ein norsk politikar (H) som er stortingsrepresentant frå Hordaland 2013-2017.
Frølich har vore medlem av Bergen bystyre og fraksjonsleiar i komitéen for oppvekst sidan 2011. Han har også vore medlem av sentralstyret i Unge Høgre sidan 2012, formann i Bergens Unge Høgre 2010–2012 samt politisk rådgjevar for byrådet i Bergen kommune 2010–2011.[1] Hausten 2012 blei Frølich nominert som Høgres 3. kandidat til Stortinget frå Hordaland ved stortingsvalet 2013.
Frølich har studiekompetanse frå Bergen Handelsgymnasium, der han også var elevrådsleiar.[2] Han har mastergrad i rettsvitskap frå Universitetet i Bergen frå 2012, og har sidan vore advokatfullmektig i Kluge Advokatfirma DA i Bergen.[3] Masteroppgåva hans omhandla bistandsreglane i Forsvaret, som han meinte var utan heimel i gjeldande lov og i strid med Grunnlova.[4][5] Frølich tenestegjorde i militærpolitiet i den frivillige innsatsstyrken Bjørn West i Bergenhus Heimevernsdistrikt 09 2007–2012.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Profil hjå Høgre, arkivert frå originalen 10. juni 2015, henta 10. oktober 2013
- ↑ BT.no, 28.08.12: Til aksjon for BHG. Vitja 10.10.13.
- ↑ 3,0 3,1 Profil på Kluge.no
- ↑ Bergens Tidende, 15.02.13, side 4–5: «Beskyldes for å bryte Grunnloven». Forfattar: Strand, Tron; Eidsvik, Øyvind Lefdal
- ↑ Bergens Tidende, 25.02.13, s. 9: «Hoppet bukk over tvilen» Forfattar: Eidsvik, Øyvind Lefdal
- Denne artikkelen bygger på «Peter Christian Frølich» frå Wikipedia på bokmål, den 10. oktober 2013.