Skagensmålarane
Utsjånad
Skagenmålarane var ein skandinavisk kunstnarskoloni som var verksam i Skagen på Jylland, særleg på 1870- og 1880-talet. Kunsten deira er kjenneteikna av realistiske friluftsmåleri og intense lysskildringar med rike valørar.
Kunstnarar som i kortare eller lengre tid var verksame i Skagen var mellom anna P.S. Krøyer, Oscar Björck, Michael Ancher, Anna Ancher, Christian Krohg og Johan Krouthén.
Kunstnarkolonien er rikt representert på Skagens kunstmuseum.