Hard Rain
Hard Rain Konsertalbum av Bob Dylan | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 13. september 1976 | |
Innspelt | 16. og 23. mai 1976 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 51:06 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Don DeVito og Bob Dylan | |
Bob Dylan-kronologi | ||
---|---|---|
Desire (1976) |
Hard Rain | Masterpieces (1978)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Robert Christgau | B−[2] |
Rolling Stone | [3] |
Hard Rain er eit konsertalbum av Bob Dylan som fanga andre halvdel av Rolling Thunder Revue-turneen hans i 1976.
Albumet vart delvis spelt inn 23. mai 1976 under ein konsert ved Hughes Stadium i Fort Collins i Colorado, den nest siste konserten på turneet. Konserten vart òg filma og seinare sendt av NBC som ei timeslang spesialsending september same året. Fire spor frå albumet («I Threw It All Away», «Stuck inside of Mobile with the Memphis Blues Again», «Oh, Sister» og «Lay, Lady, Lay») vart spelte inn 16. mai 1976. Verken albumet eller fjernsynssendinga vart særleg godt motteke. Albumet er kalla opp etter ein av dei mest kjende songane til Dylan, «A Hard Rain's A-Gonna Fall», men denne songen er ikkje med på albumet. Sidan det regna tungt under store delar av konserten kan òg dette vere opphavet til tittelen.
Tim Riley i NPR skreiv: «Sjølv om bandet har spelt lenge i lag, har sjarmen forsvunne med utbyttingane deira», medan Janet Maslin i Rolling Stone Magazine skreiv «Hard Rain ser ut til å ha kome ut på ei tid då lufta i Rolling Thunder Revue, som var så lykkeleg og glimrande i starten, rett og slett har gått ut av ballongen.»
Albumet nådde 17. plass i USA og 3. plass i Storbritannia og selde etter kvart til gullplate i USA.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Bob Dylan, bortsett frå der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Maggie's Farm» | 5:23 |
2. | «One Too Many Mornings» | 3:47 |
3. | «Stuck Inside of Mobile with the Memphis Blues Again» | 6:01 |
4. | «Oh, Sister» (Dylan, Jacques Levy) | 5:08 |
5. | «Lay Lady Lay» | 4:47 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Shelter from the Storm» | 5:29 |
7. | «You're a Big Girl Now» | 7:01 |
8. | «I Threw It All Away» | 3:18 |
9. | «Idiot Wind» | 10:21 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Andre medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Gary Burke - trommer
- T-Bone Burnett - gitar, piano
- David Mansfield - gitar
- Scarlet Rivera - fiolin
- Mick Ronson - gitar på «Maggie's Farm»
- Steven Soles - gitar, korvokal
- Rob Stoner - bass, korvokal
- Joan Baez - gitar, korvokal[4]
- Howard Wyeth - trommer, piano
Teknisk
[endre | endre wikiteksten]- Don DeVito - produsent
- Don Meehan - innspeling og lydteknikar
- Ken Regan - foto
- Paula Scher - design
- Lou Waxman - chief of tape research
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hard Rain (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 31. august 2010.
- ↑ Thomas, Stephen (10. september 1976). «Allmusic review». Allmusic.com. Henta 30. november 2018.
- ↑ «Robert Christgau review». Robertchristgau.com. Henta 30. november 2018.
- ↑ Rolling Stone review Arkivert 1. oktober 2007 ved Wayback Machine.
- ↑ «Bob Dylan’s 1976 TV concert special Hard Rain surfaces online». 22. oktober 2013.