Hopp til innhald

Joan Baez

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joan Baez

Baez i 1961
Fødd9. januar 1941 (83 år)
FødestadStaten Island i New York
FødenamnJoan Chandos Baez
OpphavUSA
AktivSidan 1958
Sjanger
Instrument
Stemmetypesopran
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka som
  • Musikar
  • låtskrivar
  • aktivist
MorJoan Bridge
FarAlbert Baez
Gift medDavid Harris
Sambuar medBob Dylan
BornGabriel Harris
PrisarRidder av Æreslegionen, Grammy Lifetime Achievement Award, Thomas Merton Award, Ambassador of Conscience Award, Rock and Roll Hall of Fame, Latin Grammy Lifetime Achievement Award, "Spirit of Americana" Free Speech Award, Order of Arts and Letters, Bambi-prisen, Americana Music Honors & Awards, Grammy Award for Best Folk Album, 3. klasse av Det hvite dobbeltkorsets orden

Joan Chandos Báez (fødd 9. januar 1941) er ein amerikansk folkevisesongar, gitarist, tekstforfattar og låtskrivar.

Baez har spelt konsertar i over 60 år, og gjeve ut over 30 album. Ho talar flytande spansk og engelsk og har spelt inn songar på minst seks forskjellige språk. Sjølv om ho vert rekna som ein visesongar, har musikken hennar blitt meir mangfaldig etter motkultur-tida i 1960-åra, og omfattar sjangrar som folkrock, pop, country og gospel. Baez har ei karakteristisk stemme, som glir lett ut og inn i falsett, med kraftig vibrato. Ho akkompagnerer seg gjerne på akustisk gitar.

Joan Baez saman med Bob Dylan, 1963

Sjølv om ho har skrive eigne låtar, har Baez hovudsakleg tolka andre sine songar,[1] og har spelt inn songar av Bob Dylan, The Allman Brothers Band, The Beatles, Jackson Browne, Leonard Cohen, Woody Guthrie, Violeta Parra, The Rolling Stones, Pete Seeger, Paul Simon, Stevie Wonder og mange andre. På dei nyare albuma hennar har ho tolka songar av nyare karakter, som songar av Ryan Adams, Josh Ritter, Steve Earle, Natalie Merchant og Joe Henry.

Ho byrja platekarrieren sin i 1960 og fekk raskt suksess. Dei tre første albuma hennar, Joan Baez, Joan Baez, Vol. 2 og Joan Baez in Concert selde alle til gullplate.[2]

Dei mest kjende songane hennar er mellom andre «Diamonds & Rust» og coverversjonar av Phil Ochs sin «There but for Fortune» og The Band sin «The Night They Drove Old Dixie Down». Ho er òg kjend for «Farewell, Angelina», «Love Is Just a Four-Letter Word», «Forever Young», «Here's to You», «Joe Hill», «Sweet Sir Galahad» og «We Shall Overcome». Ho var ein av dei første, store artistar som spelte inn songar av Bob Dylan tidleg i 1960-åra. Baez var alt ein internasjonal anerkjend artist og gjorde mykje for å gjere den tidlege utgåva av Dylan populær.[3][4] Baez framførte fjorten songar på Woodstockfestival i 1969, og har gjennom heile livet drive med politisk og sosial aktivisme innan felt som ikkje-vald, borgarrettar, menneskerettar og miljøvern.[5] Joan Baez grunnla i 1965 The Institute for the Study of Non-Violence i California, og i 1979 hjelpeorganisasjonen Humanitas International. Internasjonalt har ho hausta stor heider for innsatsen hennar for menneskerettane.

Ho er aktiv pasifist og har òg utgjeve to sjølvbiografiar: Daybreak (1968) og And a Voice to Sing With (1987).

Baez hadde ei yngre syster, Mimi Fariña, ho var òg folkevisesongar.

Baez vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame den 7. april 2017.[6]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]


  1. Hansen, Liane (7. september 2008). «Joan Baez: Playing For 'Tomorrow'». National Public Radio. Henta 15. september 2017. «Reinterpreting other musicians' songs is nothing new to Baez, who says she considers herself more an interpreter than a songwriter.» 
  2. {{ | title = Joan Baez – Biography | author = Ruhlemann, William | publisher = Rovi Corporation| work=allmusic.com| dato = 6. mai 2009 | accessdate = 13. oktober 2018 }}
  3. Howell, Peter (2009), Joan Baez gets her apology, TheStar.com, henta 13. oktober 2018 
  4. Broadus, Ray; Browne, Pat (2001). The Guide to United States Popular Culture. Popular Press. s. 56. ISBN 0879728213. 
  5. Brown, Mick (15. september 2009). «Joan Baez interview». London: The Telegraph. Henta 13. oktober 2018. 
  6. «Inductees: Joan Baez». Rock & Roll Hall of Fame. Henta 13. oktober 2018. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Joan Baez
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Joan Baez