Admittans
Admittans er det inverse av impedans
der
Admittan er ein kompleks storleik og kan uttrykkast
- ,
der R er realdelen, og B er talverdien til den imaginære delen.
SI-eininga for admittans er siemens (symbol S). Eininga mho, med symbolet ℧ (ein opp-ned omega Ω), vart tidlegare nytta. Oliver Heaviside gav namn til admittans i 1887.[1]
Admittans vert nytta innan elektromagnetisme, for elektriske krinsar, innan mekaniske system, innan akustikk, og så vidare.
Når impedansar er kopla i parallell vil bruk av admittans, i staden for impedans, som oftast føra til enklare matematiske uttrykk, men alt som kan reknast ut ved å nytta admittans kan òg reknast ut ved å nytta impedans.
Bruk innan elektro
[endre | endre wikiteksten]I ein elektrisk krins er G=1/R konduktansen, der R er elektrisk motstand og B=1/X er suseptansen, er der X er reaktansen. Når det flyt ein elektrisk straum gjennom ein admittans går noko av energien tapt i konduktansen, ved at han går over til termisk energi. Suseptansen lagrar energi mellombels, denne energien går ikkje tapt og vert ført attende til krinsen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Ushida et al., "Immittance matching for multidimensional open-system photonic crystals", Phys Rev B, vol 68, no. 15, Oct 2003.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Carter, G.W. og Richardson, A., Techniques of circuit analysis, Cambridge Univ. Press, 1972.
- Clement, P.R. og Johnson, W.C., Electrical engineering science, McGrew-Hill, 1960.
- Dorf, R.C. og Svoboda, J.A., Introduction to electric circuits, 5. utg., John Wiley & Sons, 2001.
- Edminister, J.A., Electric circuits, 1. utg., McGrew-Hill, 1965.
- Hayt, W.H. og Kemmerley, J.E., 5. utg., McGrew-Hill.1993.
- Ivison, J.M., Electric circuit theory, Van Norstrand Reinhold Australia, 1977.