Olavsrosa
Olavsrosa er eit kvalitetsmerke som er tildelt av stiftinga Norsk Kulturarv til verksemder som tilbyr opplevingar som byggjer på norsk kulturarv.[2]
Kriterium
[endre | endre wikiteksten]Kvalitetsmerket Olavsrosa «blir tildelt opplevingar av særleg høg standard, med omsyn både til kulturhistorie og formidling.»[2] For at prisen skal verte utdelt må kandidaten fått vurdert den kulturhistorieske verdien sin, korleis kulturarven vert teken vare på og ført vidare til publikum. Kandidatar som får tildelt merket er underlagt ein årleg kontroll og ei årleg rapportering. Merket kan brukast til profiliering og marknadsføring av verksemder som har fått det tildelt, men det kan også trekkjast attende dersom kriteria ikkje lenger er møtte.
Kandidatane sjølve må søkje om å få tildelt prisen[3], og dei må kunne dokumentere visse krav som vert stilte i søknadsskjemaet.[4] Eksterne nominasjonar vert derfor ikkje realitetsbehandla.
Utforming
[endre | endre wikiteksten]Symbolet for varemerket Olavsrosa byggjer på figuren olavsrose, ei form for valknute, eit gamalt symbol for vern. Figuren er grøn og har omskrifta «NORSK KULTURARV • NORWEGIAN HERITAGE». Figuren vart i 1996 registrert som varemerke for Norsk Kulturarv.[5]
Verksemder som er tildelt Olavsrosa
[endre | endre wikiteksten]Følgjande verksemder var tildelt Olavsrosa i september 2013:
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Olavsrosa» frå Wikipedia på bokmål, den 4. september 2013.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Heder til Hoel gård». Østlendingen.
- ↑ 2,0 2,1 Olavsrosa, Norsk kulturarv, 25. august 2009.
- ↑ Søknadsinformasjon fra Kulturarv.no
- ↑ Utvalgskriterier (PDF) fra Kulturarv.no
- ↑ Registrerte opplysninger om nasjonal varemerkeregistrering[daud lenkje], Patentstyret