Benedikt
Utsjånad
Benedikt er eit mannsnamn avleidd frå det latinske Benedictus, 'signa'. Det er eit namn brukt av fleire helgenar og pavar, og kjend frå benediktinarmunkane. Benedikt er blitt utbreidd i den kristne verda i mange former, men den opphavlege forma er sjeldan i Noreg.
I 2009 var det 22 norske menn som hadde Bendedikt som første førenamnet. Kortformene Bendik og Bent er langt meir utbreidde.
Variantar
[endre | endre wikiteksten]Namnet Benedikt er brukt i Tyskland, Tsjekkia og på Island. Bendik er ei norsk, Bengt ei svensk og Bent ei dansk form av namnet. Forma Benedek er brukt i Ungarn, Benedetto i Italia, Benoît i Frankrike og Benito i Spania. Ben er ei kortform.
Benedikte og Bente er avleidde kvinnenamn.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]Kristne skikkelsar
[endre | endre wikiteksten]Pavar og motpavar | Helgenar | Saligkåra |
---|---|---|
|
|
|
Andre
[endre | endre wikiteksten]- Benedict Gabrielsson Oxenstierna (1623 - 1702), svensk greve og statsmann
- Henry Benedict Stuart (1725-1807), engelsk kardinal og hertug
- Benedict Arnold (1741–1801), amerikansk general
- Benedikt Roezl (1823-1885), tsjekkisk botanikar
- Benedict Anderson (f. 1936), amerikansk statsvitar
Etternamn
[endre | endre wikiteksten]- Julius Benedict (1804–1885), tysk-britisk komponist
- Ruth Benedict (1887–1948), USA-amerikansk antropolog
- Dirk Benedict, amerikansk filmskodespelar
Annan bruk
[endre | endre wikiteksten]- Matretten eggs Benedict
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Benedikt hjå Statistisk Sentralbyrå
- Denne artikkelen bygger på «Benedikt» frå Wikipedia på bokmål, den 20. mars 2009.