Bente
Bente er eit kvinnenamn danna som ei kortform Benedikte som har opphav i det latinske Benedictus, 'signa'.
Bente har norsk namnedag den 8. oktober.
Andre former av namnet er Bende, Benta, Benthe og Bentha. Bent, Bengt, Bendik og Benedikt er nærskylde mannsnamn.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Namnet var lite brukt på første halvdel av 1900-talet, men bruken tok til å veksa rundt 1960. Han voks til to toppar, ein på over 0,4% for Benedicte mot slutten av 1980-åra og ein på 0,25 % for Benedikte mot slutten av 1990-åra, og gjekk så raskt ned igjen. I 2009 var det 1 367 norske kvinner som heitte Benedikte og 2 633 som heitte Benedicte.
Namnet er brukt i Danmark og Noreg. Bente var blant dei mest brukte namna på nyfødde jenter i Noreg på 1950- og 1960-talet, men fall sidan raskt i popularitet.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Bente Børsum (f. 1934), norsk skodespelar
- Bente Erichsen (f. 1949), norsk filmskapar og direktør
- Bente A. Landsnes (f. 1957), administrerande direktør ved Oslo Børs
- Bente Kahan (f. 1958), norsk musikar og skodespelar
- Bente Træen (f. 1958), norsk forfattar
- Bente Nyland (f. 1958), norsk geolog
- Bente Thorsen (f. 1958), norsk politikar (FrP)
- Bente Pedersen (f. 1961), norsk forfattar
- Bente Skari (f. 1972), norsk langrennsløpar
- Bente Nordby (f. 1974), norsk fotballspelar
- Bente Kvitland (f. 1974), norsk fotballspelar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bente» frå Wikipedia på bokmål, den 21. mars 2009.