Anders Askevold
Anders Askevold | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 25. desember 1834 Askvoll kommune |
Død |
22. oktober 1900 (65 år) |
Yrke | kunstmålar |
Sjanger | landskapsmåleri |
Anders Askevold på Commons |
Anders Monsen Askevold (25. desember 1834–22. oktober 1900) var ein norsk kunstmålar, ofte kalla berre Anders Askevold. Han er kjend for landskapsmåleri av vestlandsfjordar med dampbåtar og nokre hus i biletet, og for å ha teke med husdyr som ein naturleg del av det norske landskapet.
Anders Askevold var fødd i Askvoll i Sunnfjord, der far hans, Mons Askevold, var kyrkjesongar. Han utdanna seg til kunstmålar i Düsseldorf som elev av Hans Gude. Askevold kom til Düsseldorf i 1855 og blei verande der i 3 år, før han fortsette studia i Paris og München.
I 1866 flytta Anders Askevold tilbake til Noreg og slo seg ned i Bergen. Det var særs vanskeleg å livnæra seg som kunstmålar i Noreg på denne tida, og det gjekk lang tid før kjente norske målarar våga å slå seg ned i heimlandet. I Bergen gav Askevold undervising til lovande unge kunstnarar, mellom anna Ole Juul fra Vågan.
Askevold døydde i Düsseldorf i 1900.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Anders Askevold» frå Wikipedia på bokmål, den 18. januar 2008.