Hans Gude
Hans Gude | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. mars 1825 Christiania |
Død |
17. august 1903 (78 år) |
Yrke | kunstmålar, universitetslærar |
Sjanger | landskapsmåleri |
Medlem av | Det kongelege svenske kunstakademiet |
Ektefelle | Betsy Gude |
Born | Nils Gude, Ove Gude, Erik Anker Gude, Agnes Charlotte Gude |
Hans Gude på Commons |
Hans Fredrik Gude (13. mars 1825–17. august 1903) var ein norsk kunstmålar under romantikken. Han var ein av våre fremste nasjonalromantiske målarane i Noreg.
Hans Gude var noko av eit vedunderbarn og fekk undervisning av Johannes Flintoe allereie som tolvåring, deretter gjekk han på Tegneskulen. 16 år gammal kom han til Düsseldorf i 1841. Her fekk han privatundervisning i eitt år før han fekk plass ved kunstakademiet i byen.
Gude arbeidde det meste av si yrkestid i Tyskland, der han som lærar først var knytt til Düsseldorf, deretter Karlsruhe og i dei siste tjue åra Berlin.
Gude mottok ei rekkje norske og utanlandske ordenar og æresutnemningar. I 1893 vart han tildelt Storkorset av St. Olavs Orden. Hans Gude var den første som vart gravlagd på Æreslunden på Vår Frelsers gravlund i Kristiania, da denne vart innvigd i 1903.
Verk
[endre | endre wikiteksten]Landskapsmåleria formidlar det storfelte i det norske landskapet, i mange tilfelle knytt til høgfjellet. Seinare vart motivkrinsen meir knytt til kysten. Bruken av lys og skugge, skyer og solgjennombrot er typisk i mange av Gudes måleri. Gude hadde stor innverknad som lærar og inspirator for ein generasjon norske kunstmålarar. Hans økonomiske støtte til mange yngre kunstnarar var med å legge grunnen for ein gullalder i norsk målarkunst.
Hans mest kjende måleri er Brudeferd i Hardanger, som han måla saman med Adolph Tidemand. Gude måla landskapet og Tidemand personane. Måleriet vart til på bestilling til det store tablået i 1849 på Christiania Theater, der eit stort mannskor urframførte ein song av Halfdan Kjerulf (melodi) og Andreas Munch (tekst) over same tema. Både Tidemand og Gude var heime i Noreg dette året grunna dei revolusjonære hendingane i Sentral-Europa.
- 1848 - Brudeferd i Hardanger (saman med Adolph Tidemand)
- 1857 - Høifjæld
- 1862 - Brenninger
- 1872 - Innseilingen til Christianiafjorden
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nettstader
- Kunstnere i Akershus. Biografi og om tilknytinga hans til fylket.
- Slektstreet til Hans Gude på Geni.com
- Litteratur
- Frode Haverkamp. Hans Gude. Aschehoug, 1992
- Hans Gude. Af Hans Gudes liv og værker : kunstnerens livserindringer. Utgitt og med en biografisk indledning af Lorentz Dietrichson. 1899