Zaria
Zaria | |||
by | |||
Land | Nigeria | ||
---|---|---|---|
Stat | Kaduna | ||
Areal | 563 km² | ||
Folketal | 1 018 827 (2007) | ||
Zaria 11°04′00″N 7°42′00″E / 11.066666666667°N 7.7°E | |||
Wikimedia Commons: Zaria |
Zaria er ein stor by i Kaduna nord i Nigeria. Han vart tidlegare kalla Zazzau, og var ein av dei opphavlege sju bystatane i kongedømet Hausa. Byen har like over ein million innbyggjarar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Zaria, tidlegare kalla Zazzau, var òg hovudstad i Hausa-kongedømet Zazzau.[1] Det har derimot budd folk her lenge før Zazzau oppstod.
Seint i 1490-åra kom islam til Zaria via systerbyane Kano og Katsina. Med islam blømde handelen mellom byane då handelsmenn førte kamelcaravanar fylte med salt i byte for slavar og korn.[1] Mellom 1400- og 1500-talett vart kongedømet ein vasallstat under Songhai-riket. I 1805 vart det erobra av Fulani under Fulani Jihad. Britiske styrkar leia av Frederick Lugard tok byen i 1901.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Den gamle delen av byen var omgjeven av murar, men desse har i dag stort sett kollapsa. I gamlebyen og bydelen Tudun Wada har folk stort sett budd i tradisjonelle leirhus. Zaria har bydelane Samaru, Tudun Wada, Sabon Gari, Zaria-City, PZ, Kongo, GRA-Zaria, Hanwa og Shikka
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Zaria» frå Wikipedia på engelsk, den 13. februar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Smith, M. G. (Michael Garfield). Government in Zazzau 1800-1950
- ↑ 1,0 1,1 «"The Britannica Encyclopedia». Henta 13. februar 2010.