Hopp til innhald

Ulikskap i matematikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ulikskap er eit matematikk|matematisk uttrykk som seier at ein storleik er anten mindre eller større ein ein annan.

  • Notasjonen a < b tyder at a er mindre enn b.
  • Notasjonen a > b tyder at a er større enn b.
  • Notasjonen ab tyder at a er ulik b, men seier ikkje noko om han er større eller mindre, eller om storleikane i det heile tatt kan samanliknast.

I kvart uttrykk over, er a ulik b. Desse forholda vert kalla streng ulikskap. Notasjonen a < b kan òg lesast som «a er strengt mindre enn b».

I motsetnad til strenge ulikskapar, finst det to typar ulikskapar som ikkje er strenge:

  • Notasjonen ab tyder at a er mindre enn eller lik b (eller ikkje større enn b)
  • Notasjonen ab tyder at a is er større enn eller lik b (eller ikkje mindre enn b)

Ein annan notasjon vert nytta for å vise at ein storleik er mykje mindre eller større enn ein annan, normalt fleire storleiksordenar.

  • Notasjonen a b tyder at a er mykje mindre enn b.
  • Notasjonen a b tyder at a er mykje større enn b.