Hopp til innhald

Tinariwen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tinariwen

Aktiv1979–
Sjangerverdsmusikk, desert blues
PlateselskapIndependiente
PrisarGrammy Award for Best Global Music Album, BBC Awards, Praetorius music award

Tinariwen (tamasheq ⵜⵏⵔⵓⵏ, «aude landskap» eller «ørken»[1]) er ei musikkgruppe frå Sahara-området i sørlege Algerie og nordlege Mali.

Musikken deira, som er blitt kalla «tuaregblues» og «tuaregrock», er ein syntese av blues, rock og tradisjonell tuaregmusikk basert på elektriske gitarar. Dei to leiarane for gruppa er Ibrahim ag Alhahib og Abdallah ag Alhousseyni, som var med på å skipa henne i 1979.[2][3]

Ibrahim Ag Alhabib under ein konsert i Wien i 2011.
Abdallah Ag Alhousseyni under ein konsert i Hamburg i 2011.

Som fireåring blei Ibrahim Ag Alhabib vitne til at far hans blei avretta under tuaregopprøret i 1962–1964 i Mali.[4] Seinare budde han i ulike flyktningleirar i Algerie, nær byane Bordj Badji Mokhtar og Tamanrasset. Etter å ha sett ein westernfilm der ein cowboy spelte gitar,[5] bygde Ag Alhabib sin eigen gitar av ei plastflaske, ein stokk og fiskeline, ifølgje den seinare bandkollegaen Abdallah Ag Alhousseyni.[6] Han blei seinare gjeven ein gitar av ein algerisk mann som lærte han å spela tergui-musikk.[7]

Ag Alhabib budde seinare i Algerie og Libya i lag med andre eksil-tuaregar. Han fekk sin fyrste skikkelege akustiske gitar i 1979.[8] På denne tida opptredde han i ei gruppe med Alhassane Ag Touhami og brørne Inteyeden og Liya Ag Ablil[9] som spelte på festar og i bryllaup.[10] Gruppa hadde ikkje noko offisielt namn, men folk byrja å kalla dei Kel Tinariwen, som kan omsetjast til «Folka frå ørkenen» eller «Ørkengutane».[11]

Tinariwen

Gruppa spelte ei viktig rolle under tuaregopprøret i 1990-åra ved å spreie bodskap om håp og motstand til stammefrendane sine. Etter fredsslutninga i 1996 har dei vigd seg til å utbreie tuaregkulturen med songar som handlar om både kjærleiken til ørkenen og lidingane til folket.

Tinariwen hadde spelt inn ei rekkje kassettar som sirkulerte i Sahara, då dei spelte inn sin første CD, The Radio Tisdas Sessions, i 2000, men det var med Ammassakoul i 2004 at dei fekk sitt internasjonale gjennombrot. Etter denne plata turnerte gruppa i Europa og USA og blei sett på som ambassadørar for tuaregane over heile verda. I 2007 gav dei ut sin tredje CD, Aman iman, som blei ein enda større suksess enn dei to første.

Den franske filmskaparen Jérémie Reichenbach har laga ein dokumentarfilm, Teshumara, les guitares de la rébellion touareg / The Guitars of the Touareg Rebellion, der han knyter tilblivinga av gruppa til tuaregfolkets omflakking og eksil som følgje av oppstanden i 1990-åra og den brutale undertrykkinga til den maliske staten på denne tida. Filmen fekk prisen for beste musikkdokumentar frå Société des auteurs, compositeurs et éditeurs de musique, SACEM i 2006.

Tinariwen spelte på Øya-festivalen i Oslo i august 2007.

Gruppemedlemmar (2007)

[endre | endre wikiteksten]
  • Ibrahim ag Alhabib («Abaraybone»), (gitar, song)
  • Abdallah ag Alhousseyni, (gitar, song)
  • Alhassane ag Touhami, (gitar, song)
  • Mohammd ag Itlale («Japonais»), (gitar, song)
  • Eyadou ag Leche (bass, kor, perkusjon)
  • Saïd ag Ayad (perkusjon, kor)
  • Elaga ag Hamid (gitar, kor)

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
  • 2001: The Radio Tisdas Sessions, Wayward, CD468010
  • 2004: Amassakoul, World Village, CD468026
  • 2006: The Soul Rebel of African Desert, CD/DVD (Amassakoul og Jérémie Reichenbach sin film The Guitars of the Touareg Rebellion), Emma Productions
  • 2007: Aman iman
  • 2009: Imidiwan
  • 2011: Tassili
  1. Jeffrey Heath, Dictionnaire touareg du Mali: tamachek-anglais-français (KARTHALA Editions, 2006: ISBN 2-84586-785-9), s. 490.
  2. «Saharan musicians win Uncut award». BBC News. 9. november 2009. 
  3. Pareles, Jon (5. juli 2002). «Critic's notebook; A World That Sings Together». The New York Times. 
  4. Rohter, Larry (31. august 2011). «Blues From the Desert, Recorded On-Site». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Henta 21. mai 2021. 
  5. Tewksbury, Drew (28. oktober 2011). «Tinariwen: Spreading the Saharan blues wherever it roams». Los Angeles Times (på engelsk). Henta 21. mai 2021. 
  6. Hewitt, Ben (24. august 2009). «Tinariwen: Behind The Guns And Guitars». The Quietus. Henta 10. august 2019. 
  7. Morgan, Andy (Februar 2007). «TINARIWEN – Sons of the desert». Songlines. Henta 25. januar 2013. 
  8. «Tinariwen : Documentary Clip». Youtube.com. Arkivert frå originalen 12. desember 2021. 
  9. «About». Tinariwen. Henta 30. november 2022. 
  10. «Home». Tinariwen. Arkivert frå originalen 17. januar 2014. Henta 17. januar 2022. 
  11. «Tinariwen brings message of peace from African desert». Pittsburgh Post-Gazette (på engelsk). Henta 21. mai 2021. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]