Hopp til innhald

Tillandsia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tillandsia
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Grasordenen Poales
Familie: Ananasfamilien Bromeliaceae
Underfamilie: Tillandsioideae
Stamme: Tillandsieae
Slekt: Tillandsia
L., 1753

Tillandsia er ei planteslekt i ananasfamilien som omfattar over 400 artar. Plantane stammar frå Sør-Amerika til sørlege delar av Nord-Amerika.[1] Slekta har namn etter den finske vitskapsmannen Elias Tillandz (opphavleg Tillander).

Plantane i slekta dannar ofte små, iaugefallande blomar. Dei veks anten som epifyttar, eller på fjellveggar og steinar. Nokre av dei har tjukke blad, andre har tynne. Spansk mose er ein kjend art frå slekta.

Tillandsia cyanea
Tillandsia-plante i vatn.

Tillandsia-plantar blir også nytta som inneplantar, og er då gjerne kjende som luftplantar. Dei treng ikkje nødvendigvis å veksa i ei potte med jord, men kan plasserast i trestykke, skjel eller liknande.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]