Ryn
Ryn eller Ryn-Peski (russisk Рын-пески, Ryn-peski) er ein ørken vest i Kasakhstan og søraust i den russiske republikken Kalmykia, nord for Kaspihavet og søraust for Volga-høglandet. Grensene til ørkenen er berre omtrentlege. Nokre kart viser ørkenen som heile den kaspiske senkinga og strekkjer seg nesten heilt til Kaspihavet, medan andre viser at han ligg nord for senkinga. Ryn ligg vest for Uralelva mellom 46° og 49° nord og 47° til 52° aust.
Mange små byar ligg spreidd rundt i Ryn. Ryn ligg i ein halvtørr klimasone og får særs lite nedbør.
Sterke vindar sveipar stundom over ørkenen og i 2001 dalte sand frå Ryn nedover Austersjøen. Ein studie av støvtransport over lange avstander i Austersjøområdet ved å analysere støvforureining i Skandinavia viste at aerosolkonsentrasjonen var meir påverka av Ryn eller Sahara.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ryn Desert» frå Wikipedia på engelsk, den 15. januar 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- International Journal of Environment and Pollution 2004 - Vol. 22, No.1/2 pp. 72 - 86
- World Atlas, Millennium Edition, pgs. xxv, xxix, 258