Rick Wills
Rick Wills | |||
| |||
Fødd | 5. desember 1947 London i England | ||
---|---|---|---|
Fødestad | London | ||
Fødenamn | Richard Wills | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1966 til i dag | ||
Sjanger | Rock | ||
Instrument | Bass | ||
Kjende instrument | Fender Precision Bass | ||
Tilknytte artistar | Foreigner, Small Faces, Bad Company, Joker's Wild, Roxy Music, Roger Daltrey, The Jones Gang | ||
Verka som | Musikar |
Rick Wills (fødd 5. desember 1947) er ein britisk bassist. Han er mest kjend for arbeidet sitt med rockebandet Foreigner og for å ha spelt med Small Faces og Bad Company.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Wills spelte i ung alder rock i Cambridge frå kring 1961 i the Vikings, så ei rekkje lokale band: the Sundowners, Soul Committee, Bullet and Cochise før han vart med i Frampton's Camel.[1]
Wills vart med i bluesrockbandet Joker's Wild i 1966, og erstatta Tony Sainty, fram til dei vart oppløyst i 1968. Han spelte bass på dei første tre albuma til Peter Frampton før han forlet Frampton i 1975. Han vart så bassist i Roxy Music i 1976 og spelte på Viva! (1976), før han forlet dei og vart med The Small Faces i 1977 under gjenforeiningsperioden deira. Han forlet Small Faces og spelte på det første albumet til David Gilmour i 1978. Året etter vart Wills medlem av Foreigner .[2] og vart verande med dei i fjorten år.
Etter at han forlet Foreigner i 1992,[3] vart han med i Bad Company og vart verande hos dei til Boz Burrell kom attende til bandet i 1998.[2] I 2001 spelte han på The Steve Mariott Memorial Concert, som ein del av backingbandet i lag med Bobby Tench, Zak Starkey og Rabbit Bundrick.[4][5]
Wills vart gjenforeint med Small Faces-trommeslagar Kenney Jones i The Jones Gang i 2006 og spelte med The RD Crusaders for Teenage Cancer Trust i The London International Music Show i juni 2008.[6]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- Med Peter Frampton
- Wind of Change (1972)
- Frampton's Camel (1973)
- Something's Happening (1974)
- Med Roxy Music[2]
- Viva! Atco (1976)
- Med The Small Faces[2]
- Playmates (1977)
- 78 in the Shade Atlantic (1978)
- Med David Gilmour[2]
- David Gilmour Harvest (1978)
- Head Games Atlantic (1979)
- 4 Atlantic
- Agent Provocateur Atlantic (1984)
- Inside Information Atlantic (1987)
- Unusual Heat Atlantic (1994)
- Med Bad Company[2]
- What You Hear Is What You Get: The Best of Bad Company Atco (1993)
- Company of Strangers Elektra(1995)
- Stories Told & Untold Elektra (1997)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rick Wills» frå Wikipedia på engelsk, den 9. april 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Roots Of Cambridge Rock family tree». Cambridge Evening News. Henta 9. april 2011.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 «Rick Wills». allmusic.com. Henta 9. april 2011.
- ↑ Phoenix. «Foreigner band members». www.4eigner.net. Henta 9. april 2011.
- ↑ «Astoria concert 2001». humble-pie.net. 24. april 2001. Arkivert frå originalen 22. januar 2009. Henta 9. april 2011.
- ↑ «Astoria Memorial Concert 2001». allmusic.com. Henta 9. april 2011.
- ↑ «RD Crusaders play at LIMS». www.soundonsound. 9. april 2011.