Rhythm Tengoku
Rhythm Tengoku | |||
Utviklar(ar) | Nintendo SPD J.P.Room Recordings | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo | ||
Design(ar) | Tsunku | ||
Komponist(ar) | Tsunku Masami Yone | ||
Serie | Rhythm Heaven | ||
Plattform(er) | Game Boy Advance | ||
Utgjeving | JP: 3. august 2006 | ||
Sjanger | Rytme | ||
Spelemodus | Einspelar | ||
Nettstad | https://www.nintendo.co.jp/n08/brij/index.html, http://rhythm-tengoku.sega.jp/index.html | ||
Del av serien Rhythm Heaven⠀ | |||
Rhythm Heaven→ |
Rhythm Tengoku er eit rytmespel utvikla og utgjeve av Nintendo. Spelet blei utgjeve i Japan i august 2006 til Game Boy Advance og var det siste spelet Nintendo utvikla til plattforma. Det har fått tre oppfølgjarar: Rhythm Paradise til Nintendo DS, Beat the Beat: Rhythm Paradise til Wii og Rhythm Paradise Megamix til Nintendo 3DS.
Spelemekanikkane i Rhythm Tengoku fokuserer på å gje spelaren informasjon i form av lydsignal istaden for visuelle vitringar. Spelet har ei samling av etappar med ulike rytmar, spelemekanikkar og tema. Spelaren følgjer rytmen frå start til slutt og får tildelt ein poengsum basert på prestasjonen gjennom etappen.
Gruppa som utvikla spelet tok dansekurs for å utvikle eit kollektivt medvett om rytme, etter tilråding frå komponisten Tsunku.[1] Ein av etappane har ein lauk med eit andlet som spelaren skal nappe hår frå i takt med musikken. Etappen skulle opphavleg ha eit ekte andlet, men det blei sett på som «litt for drygt».[2] Mange av etappane er basert på japansk kultur, mellom anna samuraiar, ninjaer, fyrverkeri og festivalen o-bon. Det har vore trekt parallellar mellom Rhythm Tengoku og WarioWare-serien frå den same utviklaren.[3][4]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Iwata Asks: Rhytm Heaven: Rhythm Tengoku: Game Boy Advance». Nintendo. Henta 20. mai 2018.
- ↑ «Iwata Asks: Rhytm Heaven: Rhythm Tengoku: The Arcade Game». Nintendo. Henta 20. mai 2018.
- ↑ «Rhythm Tengoku - Rhythm Heaven». Eurogamer. Henta 20. mai 2018.
- ↑ «Rhythm Tengoku Hands-on». IGN. Henta 20. mai 2018.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad (på japansk)