Restauranten Under
Restauranten Under | |||
| |||
Arkitekt | Snøhetta AS | ||
---|---|---|---|
Under 58°02′27″N 7°09′16″E / 58.040805555556°N 7.1543055555556°E |
Under er ein restaurant på Båly i Lindesnes kommune. Han er blitt kjend på grunn av bygninga, som delvis er under sjøoverflata. Dette gjer den til den fyrste undersjøiske restauranten i Europa. Bygninga er teikna av Snøhetta. Kjøkenet blir styrt av danske Nicolai Ellitsgaard. Restauranten opna 20. mars 2019 og hadde per mars 2019 fått inn over 7500 bordbestillingar.[1]
Under blei tildelt utmerkinga Betongtavlen for 2019. I 2020 fekk restauranten ei stjerne i Michelinguiden,[2][3] og dei fekk ei på nytt i 2021.[4]
Det er to andre undersjøiske restaurantar i verda, i Dubai og på Maldivane.[1]
Prisar
[endre | endre wikiteksten]Under fekk mykje merksemd i tida før og etter opninga. I 2019 fekk restauranten Betongtavlen, ein pris for miljømessig, estetisk og teknisk framifrå bruk av betong.[5] Bygget vann også "Wallpaper Design Award for Best New Restaurant".[6] I januar 2020 fekk bygget DOGA heidersmerket for 2020.[7]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Under frå innsida
-
Kjøkenet
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Sællmann, Siv Kristin (20. mars 2019). «Enorm oppmerksomhet rundt restauranten «Under»». NRK (på norsk bokmål). Henta 27. mars 2019.
- ↑ To stjerner til Stavanger-restaurant. nrk.no. Besøkt 17. februar 2020
- ↑ «Michelin Guide 2020: Stars & Awards Announced». Michelin Guide (på engelsk). 17. februar 2020.
- ↑ «Michelin Nordic Guide 2021: Disse restaurantene får stjerner». e24.no (på norsk bokmål). Henta 14. september 2021.
- ↑ «Betongtavlen». Norsk Betongforening.
- ↑ Magazine, Wallpaper* (6. januar 2020). «Under wins Wallpaper* Design Award for Best New Restaurant». Wallpaper*.
- ↑ «Årets aller beste design- og arkitekturprosjekter». Design og arkitektur Norge (på norsk). 22. januar 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Under (restaurant)» frå Wikipedia på bokmål, den 10. juli 2023.