Enalapril
CAS-nummer 75847-73-3 |
ATC-nummer C09A A02 |
Metabolisme | I levra til enalaprilat |
Halveringstid | Ca. 11 timar |
Utskiljing | Renal som enalapril og enalaprilat |
Administrasjonsform | Per oral |
Enalapril er først og fremst eit blodtrykksminskande lækjemiddel, men vert òg nytta ved hjarte-pumpe-svikt.
Enalapril høyrer til ei gruppe lækjemiddel som vert kalla ACE-hemmarar. Desse lækjemidla hemmar omgjeringsenzymet angiotensin converting enzyme frå å gjera om angiotensin I til angiotensin II. Dette fører til lågare nivå av angiotensin II i blodet, eit stoff som blant anna får årene til å trekkja seg i hop og dermed gje pasienten eit auka blodtrykk.
Biverknadar
[endre | endre wikiteksten]ACE-hemmarar gjev ofte pasientar ei irriterande, tørr hoste. I tillegg til kan ein få for lågt blodtrykk, ein biverknad som er direkte knytt til den ønskte verknaden til emnet.
Kontraindikasjonar
[endre | endre wikiteksten]Enalapril bør ikkje nyttast for gravide. Ein bør og vera svært varsam med å nytta ACE-hemmarar hjå pasientar med nyrearteriestenose.
Administrasjon
[endre | endre wikiteksten]Enalapril vert vanlegvis administrert i tablettform. For betra effekt, kan det òg gjevast i lag med hydroklortiazid, eit vassdrivande lækjemiddel.
Marknadsføringsløyve i Noreg
[endre | endre wikiteksten]- Aceren, Nycomed Pharma AS
- Ednyt, Medimpex France SA
- Enalapril, Gevita AS
- Enalapril, Alpharma AS
- Enalapril, Durascan Medical Products A/S
- Enalapril, NM Pharma AS
- Enalapril Actavis, Actavis Nordic A/S
- Enalapril Alternova, Alternova AS
- Enalapril HEXAL, HEXAL A/S
- Enalapril Ranbaxy, Ranbaxy (UK) Ltd.
- Enalapril Ratiopharm, Ratiopharm GmbH
- Enalapril Sandoz, Sandoz GmbH
- Enalapril Stada, Stada Arzneimittel AG
- Linatil, A/S Gea Farmaceutisk Fabrik
- Renitec, Merck Sharp & Dohme B.V.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Preparatomtaler Arkivert 2007-11-10 ved Wayback Machine. - Statens lækjemiddelverk
- Felleskatalogen - Felleskatalog over farmasøytiske spesialpreparat marknadsført i Noreg