Regionen Maasina
Utsjånad
Maasina | |||
region | |||
Satellittbilete av Maasina frå november 2007
| |||
Land | Mali | ||
---|---|---|---|
Regionen Maasina 14°37′00″N 4°30′00″W / 14.616666666667°N 4.5°W | |||
Wikimedia Commons: Niger Inland Delta |
Maasina (også skrive Macina og Massina) er det om lag 40 000 km² store flaumlåglandet med innlandsdeltaet til elva Niger i Mali. Her finst det tre større byar:
- Djenné, ved Bani, ei sideelv til Niger.
- Mopti, som ligg der elvane Bani og Niger flyt i hop.
- Timbuktu, ved Niger, lengst nordaust i Maasina.
Debo-sjøen er den største innsjøen i Maasina.
Mellom ca. 1820 og 1862 var staden Hamdullahi setet for fulani-herskarar som kalla seg Amīr al-Mu'minīn (arabisk أمير المؤمنين ‘leiar for dei truande').