Rainer Schmidt
Rainer Schmidt | |
Statsborgarskap | Tyskland, Den tyske demokratiske republikken |
Fødd | 1. august 1948 (76 år) Langewiesen |
Idrett | skihopping |
Tok del i | Skihopping under Vinter-OL 1972 – Normalbakke, Skihopping under Vinter-OL 1972 – Stor bakke |
Rainer Schmidt (fødd 1. august 1948) er ein tysk, tidlegare skihoppar frå Langewiesen i Thüringen, som tevla for Aust-Tyskland. Han vann den tysk-austerrikske hoppveka 1972/73, og fekk sølvmedaljen under VM i skiflyging 1975, samt ein bronsemedalje under vinter-OL 1972 i Sapporo.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Schmidt vart i januar 1970 nummer to i hoppvekerennet i Bischofshofen bakom Jiří Raška, samanlagt i hoppveka vart han nummer fem. Han vart også nummer to i Oberstdorf i romjula 1971. Under OL 1972 i Sapporo tok han bronsemedaljen i storbakken, 0,6 poeng bakom Wojciech Fortuna frå Polen som vann ein sensasjonell siger, og 0,5 poeng bak sølvvinnaren Walter Steiner frå Sveits.
Vinteren 1972/73 sigra Schmidt i opningsrennet i hoppveka i Oberstdorf, framom to landsmenn. Schmidt vann også det neste rennet i hoppveka, nyårsrennet i Garmisch-Partenkirchen. Deretter vart han nummer to i Innsbruck, før han sikra sigeren i hoppveka med kontrollert hopping i Bischofshofen. Der vart han nummer tolv og vann dermed med ein rimeleg klar margin den tysk-austerrikske hoppveka, 16,4 poeng føre landsmannen Hans-Georg Aschenbach.
Etter hoppveketriumfen klarte Schmidt sjeldnare enn før å hoppe seg til pallplassar. Men i 1975 kom han noko overraskande på andreplassen i VM i skiflyging i Bad Mitterndorf, berre slått av Karel Kodejška frå Tsjekkoslovakia.
Schmidt la vekk skihoppinga i 1976.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rainer Schmidt» frå Wikipedia på tysk, den 9. januar 2013.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Rainer Schmidt – Profil og resultatoversikt hos FIS