Raí Oliveira
Raí i 2009 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Raí Souza Vieira de Oliveira | ||
Fødselsdato | 15. mai 1965 (59 år) | ||
Fødestad | Ribeirão Preta i Brasil | ||
Høgd | 189 cm | ||
Posisjon | Angrepsspelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1984-1987 | Botafogo | ||
1986 | Ponte Preta (lån) | 10 | (10) |
1987-1993 | São Paulo | 110 | (125) |
1993-1998 | PSG | 145 | (51) |
1998-2000 | São Paulo | 19 | (1) |
Totalt | 284 | (77) | |
Landslag | |||
1987-1998 | Brasil | 49 | (17) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Raímundo Souza Vieira de Oliveira (fødd 15. mai 1965) er ein brasiliansk tidlegare fotballspelar frå Ribeirão Preto som spelte fleire kampar under VM i fotball 1994, der Brasil tok Rimet-pokalen. I klubbfotballen var han med om å vinne Copa Libertadores to gongar med São Paulo FC. Han var ein offensiv midtbanespelar, ofte i ei playmaker-rolle. Raí vart kåra til årets fotballspelar 1992 i Sør-Amerika. Fotballspelaren Sócrates var hans eldre bror.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Raí spelte på São Paulo FC frå 1987 til 1993. Saman med Cafu og Müller var han ein sentral aktør då klubben i 1992 vann Copa Libertadores for fyrste gong, og då laget forsvarte meistertittelen året etter. Raí skåra eit finalemål både i 1992 og 1993. Dei neste fem åra var han aktiv for Paris Saint-Germain. Den fyrste sesongen med det franske hovudstadslaget enda med ligapokal, året etter med nasjonal cuptriumf. Han vart skadd tidleg i Cupvinnarcupfinalen 1996, då laget hans slo Rapid Wien 1-10 . Våren 1997 tapte derimot PSG finalen i cupvinnarcupen mot FC Barcelona med 0-1. Hausten 1998 reiste Raí tilbake til São Paulo FC, men der hadde han lite å tilføre laget og la opp i 2000.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Raí deltok i 51 av Brasil sine landskampar i tida 1987-98. I 1989 var han med om å vinne Copa América. Han deltok i fleire kampar under Fotball-VM 1994 i USA, skåra på straffe då Brasil vann opningskampen 2-0 over Russland. Han var innbytar i semifinalen mot Sverige, heile finalen såg han han frå reservebenken. Raí skåra 16 landslagsmål.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Verdsmeister: 1994 for Brasil
- Vinnar av Copa Libertadores: 1992 og 1993 med São Paulo FC
- Brasiliansk seriemeister: 1991 med São Paulo FC
- Fransk ligameister: 1994 med Paris Saint-Germain
- Fransk cupmeister: 1995 og 1998 med Paris Saint-Germain
- Vinnar av cupvinnarcupen: 1996 med Paris Saint-Germain
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Raí» frå Wikipedia på tysk, den 1. april 2019.