Robert Hooke
Utsjånad
Robert Hooke | |||
Robert Hooke måla av ein kunstnar. Det finst ingen teikningar eller måleri av Hooke frå då han levde, så ingen veit sikkert korleis han såg ut. | |||
Fødd | 18. juli 1635 Freshwater på Isle of Wight i England | ||
---|---|---|---|
Død | 3. mars 1703 (67 år) London i England | ||
Nasjonalitet | Engelsk | ||
Område | mekanikk, fysikk, kjemi, biologi, arkitektur, astronomi, landmåling, matematikk, materialvitskap | ||
Yrke | arkitekt, astronom, fysikar, dagbokskrivar, universitetslærar, filosof, oppfinnar, biolog, naturvitar | ||
Institusjonar | Royal Society Gresham College City of London Corporation Robert Boyle | ||
Alma mater | Christ Church i Oxford | ||
Doktorgradsrettleiar | Thomas Willis Robert Boyle Christopher Wren | ||
Kjend for | Hooke-lova Mikroskopi nytta ordet 'celle' | ||
Influerar | Richard Busby | ||
Medlem | Royal Society |
Robert Hooke (27. juli 1635–3. mars 1703) var ein engelsk fysikar og matematikar.
Han var professor i geometri ved Gresham College frå 1665. Han fann opp lommeuret og gav i 1665 ut eit optisk arbeid, Micrographia, der han skildrar sine observasjonar med eit forbetra samansett mikroskop. Her finst dei første skildringar av plantene sine celler. Hooke gjorde òg ei rekkje forbetringar ved astronomiske instrument og konstruerte den første reknemaskinen. Han utførte ei mengd fysiske undersøkingar over fall-lova, pendelen, interferensfarger i tynne hinner, faste lekamar sine elastiske tilhøve og mykje meir.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Robert Hooke» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 8. november 2013.