People Get Ready
People Get Ready Singel av The Impressions frå albumet People Get Ready | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1965 | |
Innspelt | Chicago: 1964 | |
Sjanger | Soul | |
Lengd | 2:38 | |
Selskap | ABC-Paramount 10622 | |
Komponist | Curtis Mayfield | |
Tekstforfattar | Curtis Mayfield | |
Låtskrivar(ar) | Curtis Mayfield | |
---|---|---|
Produsent | Johnny Pate | |
The Impressions-kronologi | ||
«Amen» (1964) |
People Get Ready | «Woman's Got Soul» (1965)
|
«People Get Ready» var ein song frå 1965 av The Impressions og tittelsporet på albumet med same namn. Singelen er i dag den mest kjende hitten til gruppa og nådde tredjeplassen på Billboard R&B-lista og 14. plass på Billboard Pop-lista. Den gospelaktige songen var skriven av Curtis Mayfield og synte at han hadde byrja å skrive meir samfunnsmessige og politisk medvitne tekstar.
Magasinet Rolling Stone sette «People Get Ready» på 24. plass på lista deira over dei 500 beste songane gjennom tidene, og på 20. plass på lista deira over dei 100 beste gitarsongane. Songen er òg med blant dei 500 songane Rock and Roll Hall of Fame meinte hadde forma rock and roll. «People Get Ready» vart òg kåra til ein av dei 10 beste songane gjennom tidene av ein jury på 20 kjende låtskrivarar og produsentar, som Paul McCartney, Brian Wilson, Hal David, og andre i magasinet Mojo og han vart innlemma i Grammy Hall of Fame i 1998.
Mayfield sa «han vart teke frå kyrkja mi, eller frå meldinga frå kyrkja i oppveksten min. Eg må ha vore i ei djup kjensle av den slags religiøs inspirasjon då eg skreiv den songen.» Songen er den første Impressions-hitten med Mayfield på gitar i mellomspelet.[1]
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre:
- Akabu
- Alexander Zonjic
- Al Green & Heather Headley
- Alicia Keys
- Aretha Franklin på albumet hennar Lady Soul (1968)
- Barbara Dickson (1976)
- The Blenders, Minnesota-basert acappella/soul-kvartett
- The Blind Boys of Alabama
- Bob Marley (som «One Love/People Get Ready»)
- Bob Dylan med The Band i Basement Tapes-innspelingane. Ikkje gjeven ut.
- Bruce Springsteen and the E Street Band, som introduksjon og avslutjing for songen «Land of Hopes and Dreams»
- The Chambers Brothers
- NewSong har spelt inn ein versjon med noko annleis tekst.
- «Craven» Tj Jeter
- Curt and Roland på albumet med same namn
- Dandy Livingstone
- Digna Janssen
- Dionne Warwick
- Dokken
- Dolly Parton og Cher (1978, fjernsynsshow)
- Dusty Springfield
- Ed Motta
- Eva Cassidy
- The Everly Brothers
- Exile
- George Benson
- George Lynch
- Glee Cast
- Glen Campbell i 1970 på albumet Oh Happy Day
- Greg Lake, turne i 2012
- Hanaregumi, ei blanding av engelsk og japansk tekst.
- Hed PE
- Human Nature
- Jackson Greenhorn
- James Booker
- Jeff Beck og Joss Stone
- Jeff Beck og Rod Stewart (1985,[2] 48. plass i USA)
- Jeff Beck og Sting (2009)
- Jeff Beck og Roger Taylor (2011)
- Jimmy Little
- John Denver
- John Mayer (som Waiting on the World to Change
- Johnny Rivers
- John Oates
- Jonathan Edwards
- Joss Stone og Lyfe Jennings
- Kenny Rankin
- Kevin Max
- Kruger Brothers
- Ladysmith Black Mambazo (med Phoebe Snow)
- Larry Norman
- Liz Longley
- Maceo Parker
- Margaret Becker
- Matisyahu
- Michael Kaeshammer (som ein instrumental frå albumet 'Kaeshammer')
- Michelle Wright
- Neville Brothers
- Newsong
- Oficina G3
- Patrick Yandall
- Paul Carrack
- Petula Clark
- Phil Collins
- Pops Staples
- Prince
- Rod Stewart
- Ronnie Milsap på albumet Then Sings My Soul
- Purple Soul Arkivert 2013-03-20 ved Wayback Machine.
- Ryan Shaw
- Seal
- Shawn Lane
- Sonny Terry & Brownie McGhee
- Steve Perry
- Suade
- Susan Alcorn som ein pedal steel-instrumental
- Tatsuro Yamashita
- Take 6
- Taylor Hicks
- Terry Callier
- The Blind Boys of Alabama (med Ben Harper)
- The Chambers Brothers - b-sida til «Time»
- The Doors
- The Everly Brothers
- The Guys All-Star Shoe Band
- The Housemartins på albuymet London 0 Hull 4
- The Idea of North
- The Meters
- The Roots
- The Walker Brothers
- Tony Carey
- Trin-i-tee 5:7
- Trijntje Oosterhuis
- U2 (frå og med The Joshua Tree-turneen)
- Vanilla Fudge
- Ziggy Marley
Bob Dylan har spelt inn tre forskjellige versjonar av songen. Dylan spelte først inn songen med The Band i 1967 under dei kjende The Basement Tapes-innspelingane. Denne versjonen har aldri vorte gjeven ut offisielt, men finst på mange piratkopiplater kalla The Basement Tapes. Han spelte inn ein ny versjon i 1975, som kom ut i 1978 på ei promoplate for filmen hans Renaldo and Clara. Denne versjonen var ein av 42 sjeldne songar av Dylan som vart gjeven ut på iTunes. Dylan spelte inn ein tredje versjon i 1988 for filmen Flashback.
Den kanadiske countrysongaren Michelle Wright spelte inn songen i 1997 for samlelabumet Peace in the Valley. Versjonen hennar nådde 49. plassen på RPM Adult Contemporary-lista.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «People Get Ready» frå Wikipedia på engelsk, den 29. september 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Robert Pruter, Curtis Mayfield & The Impressions, The Anthology, 1961-1977, liner notes
- ↑ Discogs - Jeff Beck And Rod Stewart – People Get Ready
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- People Get Ready: Song Inspired by March on Washington Carries Enduring Message for NPR's series, The March on Washington: The 40th Anniversary
- "So, What Are Your Ten Best Songs of All Time?" Arkivert 2012-11-15 ved Wayback Machine., TIME, 12. juli 2000
- Video på YouTube
- Video på YouTube
- Heile songteksten på MetroLyrics
25: «God Only Knows» The Beach Boys |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 24 «People Get Ready» The Impressions |
23: «In My Life» The Beatles |
- Songar frå 1965
- Singlar frå 1965
- Singlar frå 1985
- Singlar frå 1997
- Songar skrivne av Curtis Mayfield
- The Impressions-songar
- Curtis Mayfield-songar
- Songar om tog
- Jeff Beck-songar
- Rod Stewart-songar
- Bob Dylan-songar
- Michelle Wright-songar
- The Walker Brothers-songar
- Grammy Hall of Fame Award
- Eva Cassidy-songar
- Al Green-songar
- Alicia Keys-songar
- Aretha Franklin-songar
- The Blind Boys of Alabama-songar
- Bob Marley-songar
- Bruce Springsteen-songar
- Dionne Warwick-songar
- Dolly Parton-songar
- Cher-songar
- Dusty Springfield-songar
- The Everly Brothers-songar
- Glen Campbell-songar
- John Denver-songar
- John Mayer-songar
- John Oates-songar
- Joss Stone-songar
- Paul Carrack-songar
- Phil Collins-songar
- Prince-songar
- Seal-songar
- The Doors-songar
- The Meters-songar
- U2-songar
- Vanilla Fudge-songar
- Beste songar gjennom tidene hos Rolling Stone