Hopp til innhald

Svindelbrev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Svindelbrev er ein type svindel som gjennom eit brev prøver å lura mottakaren til å senda pengar til avsendaren, ved å lokka med tomme lovnader om stor profitt. Svindelbrev er særs vanleg på Internett. Ein typisk metode er at svindlarane påstår at dei har mykje pengar (t.d. ein arv) og treng assistanse frå ein person i eit industriland til å oppretta ein bankkonto for å få gjennomført ein pengetransaksjon. Som motyting vert det lokka med ei økonomisk godtgjersle, gjerne ein viss prosent av totalsummen.