Skjerding
Utsjånad
Skjerding er sett saman av to jarnstenger og vert nytta for hengja gryter over elden. Den eine stonga har taggar, slik at den andre stonga kan flyttast opp eller ned og slik endra avstanden mellom endane på skjerdingen. Avstanden mellom gryta og elden kan dermed justerast og ein kan endra temperaturen i gryta.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Skjerding» i Store norske leksikon, snl.no.