Smånesle
Utsjånad
Smånesle | |
Smånesle | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Roseordenen Rosales |
Familie: | Neslefamilien Urticaceae |
Slekt: | Nesleslekta Urtica |
Art: | Smånesle U. urens |
Vitskapleg namn | |
Urtica urens |
Smånesle eller eiternesle (Urtica urens)[1] er ein eittårig plante i nesleslekta med «brennande» blad og stengel. Ho er ein av to nesleartar som veks i Noreg; den andre er stornesle.[2]
Planten har motsette, grovtagga blad og lysegrøne blomar som heng i knippe frå bladhjørna. Stengel og blad har brennhår som sprøyter ut ei giftig væske når den skjøre, glasaktige spissen blir broten av.[2]
Smånesle stammar frå Eurasia og er innført i Nord-Amerika[3] og på New Zealand. Ein finn gjerne smånesle i gartneri og kjøkkenhagar.[2]
Smånesle er kjent frå langt tilbake i historia. Fruktene av smånesle er funne i Osebergskipet. Albertus Magnus (1192–1280) oppgav at ho brann sterkare enn stornesle.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Art Urtica urens L.». Artsdatabanken. Henta 25. november 2017.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 «nesle» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ «Plants Profile for Urtica urens (dwarf nettle)». USDA PLANTS.