Nuclear Blues
Utsjånad
Nuclear Blues Studioalbum av Blood, Sweat & Tears | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Mars 1980 | |
Sjanger | Rock, jazz | |
Lengd | 42 min | |
Selskap | MCA LAX Records | |
Produsent | Jerry Goldstein | |
Blood, Sweat & Tears-kronologi | ||
---|---|---|
Brand New Day (1977) |
Nuclear Blues | Live and Improvised (1991)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Nuclear Blues er det 11. studioalbumet til det amerikanske bandet Blood, Sweat & Tears, gjeve ut i 1980, som det første albumet deira på MCA/LAX Records. Nuclear Blues vart produsert av Jerry Goldstein, som tidlegare hadde arbeidd med bandet War. Sjølv om det berre var gått tre år sidan det førre albumet deira, Brand New Day, var heile besetninga i bandet, utanom vokalisten David Clayton-Thomas, byta ut.
Albumet gjekk ikkje inn på albumlista nokon stad. Denne inkarnasjonen av Blood, Sweat & Tears vart oppløyst året etter, sjølv om det oppstod variantar av gruppa i seinare år som har turnert og gjeve ut konsertalbum. Dette vart derimot det siste studioalbumet deira.
Nuclear Blues kom ut i Tyskland i 1985 under tittelen Latin Fire.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Agitato» | Bruce Cassidy | 5:51 |
2. | «Nuclear Blues» | David Clayton-Thomas | 4:24 |
3. | «Manic Depression» | Jimi Hendrix | 4:18 |
4. | «I'll Drown In My Own Tears» | Henry Glover | 7:21 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «Fantasy Stage» | David Clayton-Thomas, Robert Piltch | 5:41 |
6. | «Spanish Wine Suite» | Rob Piltch, Bruce Cassidy, Dave Piltch, Vern Dorge, Bobby Economou, Richard Martinez, Earl Seymour | 15:12 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- David Clayton-Thomas – vokal
- Robert Piltch – gitar
- David Piltch – bass
- Bobby Economou – trommer
- Richard Martinez – orgel, piano, clavinet
- Bruce Cassidy – trompet, flygelhorn, elektrisk trompet
- Earl Seymour – baryton- og tenorsaksofon, fløyte
- Vern Dorge – alt- og sopransaksofon, fløyte
- William Smith – korvokal på «Drown in my Own Tears»
- Lonnie Jordan – korvokal på «Drown in my Own Tears»
Produksjon
[endre | endre wikiteksten]- Produsert av Jerry Goldstein
- Lydteknikar – Chris Huston
- Master av Wally Traugott
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Nuclear Blues» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mai 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Nuclear Blues > Review». Allmusic. Henta 11. mai 2020.