Nizjnevartovsk
Nizjnevartovsk Нижневартовск | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Khanty-Mansia | ||||
Grunnlagd Bystatus |
1909 1972 | ||||
Borgarmeister | Boris Khokhrjakov | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
267 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
242 000 906,4 /km² | ||||
Koordinatar | 60°57′0″N 76°33′0″E / 60.95000°N 76.55000°E | ||||
Høgd over havet | 45 moh. | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
YEKT(UTC+5) YEKST (UTC+6) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 628600–628624 | ||||
Retningsnummer (tlf) | (+7)3466 | ||||
Nettstad: www.n-vartovsk.ru |
Nizjnevartovsk (russisk Нижнева́ртовск) er den nest største byen i Khanty-Mansia i Russland. Han ligg på høgre sida (nordsida) av elva Ob, rundt 400 km aust for Khanty-Mansijsk. I 2007 hadde han om lag 240 000 innbyggjarar.
Byen vart grunnlagt i 1909, men utviklinga til storby skaut først fart på 1960-talet, etter oppdaginga av oljefeltet Samotlor, som er det største i Russland. Han fekk bystatus i 1972.
Nizjnevartovsk er eit senter for den vestsibirske oljeregionen og er ein av dei rikaste byane i Russland.
Nizjnevartovsk lufthamn, 4 km vest for byen, er av dei travlaste i heile Sibir.
Om vinteren kan temperaturen falle til −50 °C og innbyggjarane byggjer fleire isparkar med skulpturar i snø og is, pg leikeområde for barna. Om sommaren stig temperaturen til +35 °C.