Neijiang
Utsjånad
Neijiang (forenkla kinesisk: 内江; tradisjonell kinesisk: 內江; pinyin: Nèijīang) er eit byprefektur aust i provinsen Sichuan i Kina. Byprefekturet har eit areal på 5 386 km² og 3 702 847 innbyggjarar (2010).
Byprefekturet Neijiang omfattar to distrikt (区 qū), og tre fylke (县 xiàn).
Næring
[endre | endre wikiteksten]Neijiang har raffineri for sukker og annan matvareindustri.
Samferdsle
[endre | endre wikiteksten]Byen Neijiang ligg ved elva 'Tuo Jiang' og har elvehamn. Han er også eit jarnbaneknutepunkt. Chengdu-Chongqing-jarnbanen har stoppestad i Neijiang og elles det er ei nybygd jarnbanelinje med endepunkt Kunming i Yunnan-provinsen.
Kinas riksveg 321 går gjennom prefekturet. Han fører frå Guangzhou i provinsen Guangdong via mellom andre Wenzhou og Guilin til Chengdu, hovudstaden i provinsen Sichuan.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Neijiang» frå Wikipedia på bokmål, den 9. april 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Neijiang» frå Wikipedia på engelsk, den 9. april 2012.