Hopp til innhald

Nanny Town

Koordinatar: 18°04′06″N 76°31′27″W / 18.0683°N 76.5242°W / 18.0683; -76.5242
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

18°04′06″N 76°31′27″W / 18.0683°N 76.5242°W / 18.0683; -76.5242

Nanny Town
ruinar
Land  Jamaica
Fylke Saint Thomas
Grunnlagd ca. 1723
Fråflytt 1734
Kart
Nanny Town
18°04′06″N 76°31′27″W / 18.0683°N 76.5242°W / 18.0683; -76.5242

Nanny Town eller Old Nanny Town er ein tidlegare landsby i Blue Mountains i Portland Parish nordaust på Jamaica. Han var ein tilfluktsstad for maroonar - rømde slavar - fram til den første maroonkrigen. Han er knytt til Nanny of the Maroons, ein sogeomspunnen maroonleiar.

Landsbyen blei grunnlagd rundt 1723 på ein ås, Nanny Town Hill, rundt 600 moh. På sitt største hadde han over 140 hus.[1] Han låg ved den høgare toppen Abraham med godt utsyn over Stony River, slik at overraskingsåtak var vanskelege. Under den første maroonkrigen utførte maroonar frå Nanny Town raid på plantasjar for å ta våpen og mat. Dei leia også slavar frå plantasjane til staden.[2]

Han blei først oppdaga av kolonistyresmaktene i 1728 då ein afrikanar, Sambo, leidde dei dit. Under maroonkrigane blei landsbyen overfallen i 1730, 1731, 1732 og fleire gonger i 1734.[1][3] Etter dette blei Nanny Town forlaten, men den nye busetnaden som erstatta han, Moore Town, blei også kjend som New Nanny Town.

Den fråflytte Nanny Town er stort sett folketom i dag, og det finst lokal folketru om at uvedkomande ikkje kan vitja staden utan å påkalla ei ulukke.[4] Staden der Nanny Town låg er erklært som eit nasjonalt monument på Jamaica av Jamaica National Heritage Trust (JNHT).[1][5]

Fotnotar
  1. 1,0 1,1 1,2 «Nanny Town». Jamaica National Heritage Trust. 
  2. Carey 1997, s. 117-257.
  3. Pariser, Harry S. Jamaica: A Visitor's Guide, 1995, pp. 235-36.
  4. Tuelon 1973, s. 23-4.
  5. «Nanny Town, Cunha Cunha to gain national monument status». Jamaica Gleaner. 20. juni 2011. 
Bibliografi
  • Carey, Bev (1997), The Maroon Story: The Authentic and Original History of the Maroons in the History of Jamaica 1490-1880, Kingston, Jamaica: Agouti Press