Hopp til innhald

NGC 3256

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hubble-bilete av NGC 3256.

NGC 3256 (ber òg nemningane VV 065 og AM 1025-433) er ein rest etter to galaksar som har kollidert. Han ligg rundt 100 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Seglet. Tidevasshalane til NGC 3256 er mellom dei næraste til jorda. NGC 3256 har to galaksekjernar og ligg i Hydra-Centaurus-superhopen.