Hopp til innhald

Mulesel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gamalt mulesel i Oklahoma

Eit mulesel er avkommet etter ein hingst av hest og ei eselhoppe. Den liknar på det meir vanlege muldyret, som er avkommet etter ei hoppe av hest og ein eselhingst.

Eit mulesel er for det meste noko mindre enn muldyr, men finst, som muldyr, i alle storleikar - for ein stor del avhengig av størrelsen på foreldra.

Eit mulesel er ikkje i stand til å få avkom: Det er berre eitt kjent tilfelle der ei mulesel-hoppe har fått avkom, og det er ingen kjende tilfelle av at mulesel-hingstar har fått avkom. Dette fordi eit esel har 62 kromosom, ein hest har 64. Muleselet får dermed 63 kromosom, noko som skapar store vanskar når det skal lagast kjønnsceller med halvparten av dei 63 kromosoma.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]