Hopp til innhald

Mjølbær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mjølbær
Mjølbær
Mjølbær
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Lyngordenen Ericales
Familie: Lyngfamilien Ericaceae
Underfamilie: Arbutoideae
Slekt: Mjølbærslekta Arctostaphylos
Art: Mjølbær A. uva-ursi
Vitskapleg namn
Arctostaphylos uva-ursi

Mjølbær er ein plante i lyngfamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing. Planta er meterlang, og kring 5 cm høg. Blada er vintergrøne, blanke, lêrharde med flat utagga kant, grøne på begge sider og med utydeleg årenett. Mjølbær har kvit eller lysraud krone og turre raude frukter. Han blomstar kring mai månad på turr mark i skog og fjell.

Planten veks i heile Noreg. Han er funnen opp til 1840 meter i Jotunheimen.

  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.

  • Svensk Wikipedia.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Mjølbær