Michael Collins
Michael Collins | |
Statsborgarskap | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Den irske republikk |
Fødd | 16. oktober 1890 Clonakilty |
Død |
22. august 1922 (31 år) |
Yrke | politikar, offiser, statsmann |
Språk | engelsk |
Politisk parti | Sinn Féin |
Medlem av | Irish Republican Brotherhood |
Partnar | Kitty Kiernan |
Michael Collins på Commons |
Michael Collins (16. oktober 1890–22. august 1922) var ein irsk sjølvstendeforkjempar og politikar. Han var ein av leiarane i den irske sjølvstendekrigen frå 1919 til 1921. Det irske namnet hans var Micheál Ó Coileáin
Collins vart fødd i Clonakilty i Cork og døydde i Bandon i same området, etter å ha vorte skoten.
Collins tok del i Påskeopprøret i 1916, og leidde i 1918 valkampen til nasjonalistpartiet Sinn Féin, som han førte til ein strålande valsiger. Han var ein hovudmann i opprettinga av den irske republikanske hæren IRA i 1919, og vart sjef for den hemmelege tenesta til den væpna organisasjonen.
Collins var attmed Eamon de Valera den leiande personlegdomen i den irske sjølvstenderørsla frå 1919 til han døydde 1922. I den republikanske undergrunnsregjeringa var han finansminister. Da han i 1921 underteikna den anglo-irske avtalen som førte til fridom for størstedelen av landet, men òg til frådelinga av Nord-Irland, kom han i motsetning til meir radikale nasjonalistar som gjekk imot delinga av landet. I den irske borgarkrigen som følgde, var han leiar i overgangsregjeringa og øvstkommanderande for dei irske stridskreftene, før han blei drepen i eit attentat.
Michael Collins vart i 1996 omhandla i ein film med same namnet, regissert av Neil Jordan, og med Liam Neeson og Julia Roberts i hovudrollene.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Michael Collins Centre Arkivert 2012-03-01 ved Wayback Machine.
- Collins 22 Society