Mia Nicolai
Mia Nicolai | |||
| |||
Fødd | 7. mars 1996 (28 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Amsterdam | ||
Alias | Mia Nicolai | ||
Opphav | Kongeriket Nederlanda | ||
Aktiv | 2018– | ||
Instrument | piano | ||
Verka som | songar, låtskrivar, skodespelar | ||
Far | Peter Nicolaï |
Michaja Nicolaï (fødd 7. mars 1996 i Amsterdam i Nederland), kjend under artistnamnet Mia Nicolai, er ein nederlandsk songar, låtskrivar og skodespelar. Ho representerte Nederland i Eurovision Song Contest 2023 saman med artisten Dion Cooper og låten «Burning Daylight».[1]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Nicolaï blei fødd i Amsterdam 7. mars 1996, som andre dotter av juristen og Partij voor de Dieren-politikar Peter Nicolaï, og den russisk-fødde musikaren og komponisten Marynka Nicolaï-Krylova.[2][3] Ho tok drama- og ballettimar frå ho var tre år. Dette fekk ho interessert i musikk, og ho lærte seinare å spele piano og fiolin.[3][4]
I 2018 gav Nicolaï ut sin fyrste singel, ein coverversjon av «At Last» av amerikanske Glenn Miller.[5] I 2020 følgde ho opp med singlane «Set Me Free» og «Mutual Needs».[6][7] I april 2021 slapp ho låten «People Pleaser». I eit intervju med det amerikanske motemagasinet Flaunt fortalde ho at songen handla om å vere tru mot seg sjølv.[8] Seinare same år gav ho ut låten «Dream Go».[9]
2023: Eurovision Song Contest
[endre | endre wikiteksten]Den 1. november 2022 kunngjorde den nederlandske kringkastaren AVROTROS at Nicolaï skulle representere Nederland i Eurovision Song Contest 2023 saman med Dion Cooper.[10] Nicolaï og Cooper blei etablert som duo i 2020, gjennom 2019-vinnaren Duncan Laurence og partnaren hans Jordan Garfield.[11] Duoen blei slegen ut i semifinalen tysdag 9. mai 2023.[12]
Privatliv
[endre | endre wikiteksten]Nicolaï har budd i London, Melbourne og New York, før ho slo seg ned i Los Angeles i 2022.[6][13] Ho har David Bowie som eit av sine største musikalske førebilete.[11]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «MiaNicolai & Dion Cooper vertegenwoordigen Nederland op het Eurovisie Songfestival! - Eurovisie Songfestival». AVROTROS.nl (på nederlandsk). 1. november 2022. Arkivert frå originalen 2. november 2022. Henta 5. november 2022.
- ↑ Hansvan der Beek (13. mars 2004). «Hetinterview: Peter Nicolaï – PS van de Week» (PDF). Het Parool. s. 19–23. Arkivert frå originalen (PDF) 3. november 2022. Henta 5. november 2022.
- ↑ 3,0 3,1 Marlies van Leeuwen, Suzanne Borgdorff (1. november 2022). «DuncanLaurence bracht ‘gouden combinatie’ samen: wie zijn Mia Nicolai en Dion Cooper?». AD.nl. Algemeen Dagblad. Henta 5. november 2022.
- ↑ «Duo Dion Cooper en Mia Nicolai namens Nederland naar het Eurovisie Songfestival». De Telegraaf. 1. november 2022.
- ↑ «Popnewcomer Mia Nicolai is exasperated and lists her demands on her debut "Set Me Free"». The Line of Best Fit (på engelsk). Henta 5. november 2022.
- ↑ 6,0 6,1 «FreshFace: Mia Nicolai - Notion | Interview». Notion (på engelsk). 3. desember 2021. Henta 5. november 2022.
- ↑ outnowcontact (9. november 2020). «MiaNicolai Unveils New Brilliant Dark Single “Mutual Needs”». Out Now Magazine | Music News - Charts , Festivals & Clubs (på engelsk). Henta 5. november 2022.
- ↑ «MiaNicolai | Inspiring new single “People Pleaser”». Flaunt Magazine (på engelsk). Arkivert frå originalen 2. november 2022. Henta 5. november 2022.
- ↑ Thomson, Zangba (13. desember 2021). «MiaNicolai releases a lovely alternative tune, entitled, “Dream Go”». Bong Mines Entertainment (på engelsk). Henta 5. november 2022.
- ↑ Adams, Oliver (1. november 2022). «MiaNicolai and Dion Cooper will sing for The Netherlands at Eurovision 2023». wiwibloggs (på engelsk). Henta 5. november 2022.
- ↑ 11,0 11,1 «MiaNicolai & Dion Cooper vertegenwoordigen Nederland op Eurovisie Songfestival 2023». NPO Radio 2 (på nederlandsk). Henta 5. november 2022.
- ↑ «FirstSemi-Final of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023.
- ↑ Farren, Neil (1. november 2022). «Netherlands: Mia Nicolai & Dion Cooper to Eurovision 2023». Eurovoix (på engelsk). Henta 5. november 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Mia Nicolai» frå Wikipedia på bokmål, den 1. mars 2024.