Mitsubishi
Mitsubishi | |||
| |||
| |||
Org.form | Børsnotert selskap, konglomerat | ||
---|---|---|---|
Bransje | Handel | ||
Skipa | 1870 | ||
Dotterselskap | Nikon | ||
Eigenandel i | Nikon | ||
Hovudkontor | Tokyo[1] | ||
Land | Japan | ||
Produkt | mineralutvinning, maskinteknikk, telekommunikasjon, finansielle tenester, forsikring, bygg og anlegg, eigedomsutvikling, bygg og anlegg | ||
Salsinntekter | 7 200 000 000 USA-dollar | ||
Omsetnad | 7 200 000 000 USA-dollar | ||
Resultat | 7 100 000 000 (2018) | ||
Nettstad | https://www.mitsubishi.com/en/ (engelsk), https://www.mitsubishi.com/ja/ (japansk) |
Mitsubishi Group (三菱グループ Mitsubishi Gurūpu) er ei gruppe sjølvstyrande japanske fleirnasjonale selskap. Gruppa dannar ei laus eining, Mitsubishi keiretsu, som er ei av dei seks store forretningskonglomerata i Japan. Dei største selskapa dannar ei samarbeidsgruppe, kinyokai, som har jamlege møte.
Mitsubishi blei skipa som eit spedisjonsfirma i 1870, to år etter Meijirestaurasjonen. Grunnleggjaren var Yatarō Iwasaki (1834–1885). Namnet «mitsubishi» (三菱) er sett saman av mitsu, 'tre' og hishi, 'vasskastanje', som også kan visa til ei diamantform. Logoen til selskapet viser tre stiliserte vasskastanjar/diamantar. Namnet blei endra til Mitsubishi Shokai i 1873.
Mitsubishi er mellom anna kjend som bilprodusent gjennom Mitsubishi Motors. Gruppa eig også Nikon, kjemikalieprodusenten Mitsubishi Chemical Corporation, banken Mitsubishi Tōkyō UFJ Ginkō, glasprodusenten Asahi Glass Co. og Kirinbryggjeriet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- mitsubishi.com committee
- «Mitsubishi Mark»
- Denne artikkelen bygger på «Mitsubishi» frå Wikipedia på engelsk, den 20. juli 2014.
- Referansar
- ↑ https://www.mitsubishicorp.com/jp/en/network/japan/tokyo.html; vitjingsdato: 5. mars 2024.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad Denne økonomiartikkelen som har med historie og Japan å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.