MarMoussa
MarMoussa | |||
مار موسى | |||
by | |||
Land | Libanon | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Libanonfjella guvernement | ||
Distrikt | Matn distrikt | ||
Høgd | 900−1 150 moh. | ||
Koordinatar | 33°54′00″N 35°41′06″E / 33.90°N 35.685°E | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Retningsnummer | +961 | ||
MarMoussa 33°54′00″N 35°41′06″E / 33.9°N 35.685°E | |||
Kart som viser MarMoussa.
| |||
Wikimedia Commons: MarMoussa |
MarMoussa (arabisk مار موسى, òg skrive Mar-Moussa) er ein by i Libanon i Matn distrikt i Libanonfjella guvernement. Han ligg 25 km frå Beirut i ei høgd mellom 900 og 1150 meter over havet.
Historie
[endre | endre wikiteksten]I 1753 bygde ei gruppe libanesiske munkar klosteret Mar Moussa Al-Habshi over ruinane av ein eldre heilagdom. I seinare år slo familiar frå Jbail, Chbaniyé og Bikfaya seg ned i området, der dei vart tilsett for å dyrke landområda til klosteret. Gradvis voks samfunnet til ein landsby kalla Mar Moussa Ed-Douar. Med støtte frå regjeringa i 1950-åra, klarte bøndene å overta jorda og utvide landsbyen. Sidan den gong er det bygd mange villaer og hus i området rundt, som er dekt av furuskog. Det mest markante landemerket i landsbyen er klosteret og vindmølla.
Innbyggjarane i MarMoussa er følgjarar av Den maronittisk-katolske kyrkja.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «MarMoussa» frå Wikipedia på engelsk, den 22. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: